Delte ut refleks

Ein politipatrulje tok ein runde med førebyggande trafikksikringsarbeid torsdag kveld. Politifolka delte ut 13 refleks til fotgjengarar i Sauda og Ølen. Felles for dei mjuke trafikantane var at dei var mørkkledde og dermed vanskeleg å sjå i trafikkbildet.