Ull til den nyfødde. Helsesøster Maren Tjelmeland Hustoft (t.v.), Elin Vårvik med vesle Sigve og leiar i Skjold Bygdekvinnelag Inga Lill Håkull.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Ull til den nyfødde. Helsesøster Maren Tjelmeland Hustoft (t.v.), Elin Vårvik med vesle Sigve og leiar i Skjold Bygdekvinnelag Inga Lill Håkull. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 1 av 2
Søte små sokkar, luer og vottar strikka av bygdekvinner i Skjold.
Søte små sokkar, luer og vottar strikka av bygdekvinner i Skjold.Bilde 2 av 2

Gåve som varmar

Bygdekvinnene i Skjold har travle dagar, for nå skal alle nyfødde i bygda få heimestrikka vottar, lue og sokkar i gåve.

«Velkomen til verda» står det på dei yndige små gåvepakkane alle nyfødde i Skjold får som barselgåve frå flittige bygdekvinner i bygda. Inne i kvar pakke ligg enten ei lue og eit par sokkar, eller ei lue og eit par vottar. Alt strikka for hand i mjuk babyull garn, og både farge og mønster varierer frå pakke til pakke.

— Kjekk gåve

Den varme velkomstgåva blir overlevert av helsesøster når ho kjem på heimebesøk. Nybakt mamma Elin Vårvik og sonen Sigve var dei første som fekk gleda av å få helsinga frå Skjold bygdekvinnelag.

— Me har fått lue og vottar. Det var veldig kjekt å få ei slik gåve, og vesle Sigve har fått bruk for det nå når det har vore kaldt, seier Elin Vårvik og kikkar ned på den vesle guten som søv fredeleg i mor sine armar ikledd lyseblå lue og vottar.

— Fargen passa heilt perfekt. Den står fint til jakka, seier ho.

Vårvik er glad i strikkeklede og har kledd det vesle nurket i lyseblå strikkejakke og bukse.

— Eg likar strikkekler og strikkar litt sjølv, seier ho.

Fargen passa heilt perfekt

Strikkeglede

Prosjektet med å strikka ei velkomstgåve til dei nyfødde starta opp i haust. Tidlegare har Skjold Bygdekvinnelag strikka varme plagg til prematuravdelinga ved Haugesund sjukehus. Nå står nyfødde i Skjold for tur. Helsestasjonen skal stå for utdeling.

— Helsestasjonen har fått ein pose med lue, vottar og sokkar som skal leverast ut av helsesøster når ho kjem på heimebesøk, fortel leiaren i Skjold Bygdekvinnelag, Inga Lill Håkull.

Bygdekvinnelaget tel i dag 70 medlemmer, og 25 av desse er engasjert i strikkeprosjektet. Førebels er det berre skjoldabuen som får glede av dei varme plagga, men bygdekvinneleiaren ynskjer at andre bygdekvinnelag i Vindafjord også skal ta pinnane fatt og strikka til nyfødde i deira bygd.

— Dette prosjektet vil me fortsetja med, og me oppmodar andre bygdekvinnelag til å ta stafettpinnen vidare, seier ho.

60 år

Skjold Bygdekvinnelag feirar 60 år som organisasjon dette året. Den 10. februar 1956 starta ein gjeng damer opp det som den gong fekk namnet Bondekvinnelaget og var slått saman med Tysvær. I 2002 vart namnet endra til Skjold Bygdekvinnelag, og alle som ville kunne bli medlem.

— I starten var det helst bondekvinner som kunne vera medlem. Nå kan alle vera med. Me har hatt stabil oppslutning og det kjem stadig nye medlemmer til. Aldersspennet på medlemmene er frå 30 til 90 år, og det er den yngre garde som driv det meste. Dei er alfa og omega for laget, seier Håkull.

Aktivt lag

Laget har faste medlemsmøte ein gong i månaden. I tillegg arrangerer dei strikkekveld for både medlemmer og andre strikkeglade damer, og når eit større arrangement går føre seg i bygda stiller dei opp til dugnad.

— Me er eit aktivt lag. På medlemsmøta har me ofte eit tema og i år skal me blant anna læra om hagestell. Me arrangerer blåturar og deltek på dugnad. Når det vert arrangert Dansegalla i bygda er det me som står for maten, fortel leiaren for bygdekvinnene i Skjold som saman med dei andre medlemmene markerte jubileet med jubileumsfest første helga i februar.

— Både gamle og nye bygdekvinner var invitert og me fekk besøk av Bodil Brundtland frå Norges Bygdekvinnelag. Ein av medlemmene hadde til og med dikta eigen jubileumssong, seier ho.