Innbrot på Bjoa

Ein gong mellom fredag ettermiddag og måndag morgon har nokon teke seg inn ei campingvogn og ei brakke hos ein entreprenør på Bjoa. — Det er meld om at det er fjerna ein støvsugar, ein CD-spelar og litt forskjellig verktøy, fortel politioverbetjent Arild Austrheim ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.