BIldet av dyresporet tatt ved Vikedal i helga.
Foto Privat
BIldet av dyresporet tatt ved Vikedal i helga. Foto PrivatBilde 1 av 2
Bildet av dyresporet som blei oppdaga ved Vannes i Skånevik.
Foto: Privat
Bildet av dyresporet som blei oppdaga ved Vannes i Skånevik. Foto: PrivatBilde 2 av 2

Rovdyr på ferde

Både ved Vikedal og Skånevik er det funne spor i snøen som kan stamme frå større rovdyr.

Sundag kom ein turgår i Vikedal over spor i snøen i området Opsalsneset som han trur kan vera frå gaupe. Også for vel eitt år sidan fann same turgåar liknande spor i snøen i dette området. Sikker på om det er gaupe er han ikkje, samstundes som han har vanskeleg for å forstå kva anna det skal vera.

Bilda som blei tatt i februar i fjor og som liknar på dei nye, blei av viltkonsulent Webjørn Svendsen Norges Jeger- og Fiskerforbund vurdert til å vera av gaupespor.

Store spor

Også ved Skånevik er det nyleg oppdaga spor i snøen som truleg stammar frå eit større rovdyr. Ein familie på tur kom eit spor som er ca. 15 centimeter stort i området der vegen til Vannes sluttar.

Regionalt rovviltansvarleg Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn, Hordaland har studert bildet, utan å koma til nokon konklusjon fordi avtrykket ikkje er klart nok og det manglar detaljar.

— Mitt første inntrykk er at sporet er samansett av ulike sporavtrykk og har truleg ikkje noko med store rovvilt å gjera, seier han.

Er det lesarar som har formeining om desse spora, eller andre relevante opplysingar om dette, kan gjerne ta kontakt med Grannar-redaksjonen.

Bildet av dyresporet som blei oppdaga ved Vannes i Skånevik. Foto: Privat

Bildet av dyresporet som blei oppdaga ved Vannes i Skånevik.
Foto: Privat