Skomakernibba i Vikedal - døme på fotomotiv som er aktuelle i Grannar sin fotokonkurranse.
Foto: Inge Hebnes Hårajuvet
Skomakernibba i Vikedal - døme på fotomotiv som er aktuelle i Grannar sin fotokonkurranse. Foto: Inge Hebnes Hårajuvet

Fotokonkurranse: Det unike i naturen

Dei første bilda har kome inn, men me ynskjer at fleire blir med og får fram spesielle naturopplevingar i Grannar-distriktet.

Me har inga Trolltunga eller Preikestolen, men likevel mangt å by på. Nå kan du vera med å få fram det naturskapte litt utanom det vanlege i Etne kommune og Vindafjord.

Turar i skog, mark og fjell er in for tida, og Grannar jaktar kjente og ukjente fjellformasjonar og anna av unike slaget i naturen som kan vera verdt å få med seg. Difor inviterer me lesarane til å senda inn bilde innan denne kategorien, samt ein liten beskrivelse av kva bildet viser og kor det ligg, gjerne med eit turtips. Me trekkjer ut eit vinnarbilde som vil bli presentert i Sommarmagasinet 2016, saman med andre bilde. Førstepremie er ein mini iPad.

Sendt ditt bidrag på epost til foto@grannar.no innan 20. mai. Det er ein fordel at det er person/personar på bildet, og så må det ha god oppløysing slik at det eignar seg for trykk. Hugs namn på fotograf og nødvendige opplysningar om bildet.

Lukke til!

Arne Frøkedal

redaktør