Lita Ford er ei av dei dyktigaste kvinnelege hard rock-gitaristane i verda. Ho blir i følgje Alf Warloe Christophersen ei forrykande avslutning på årets 20 års-markering. 
Pressefoto.
Lita Ford er ei av dei dyktigaste kvinnelege hard rock-gitaristane i verda. Ho blir i følgje Alf Warloe Christophersen ei forrykande avslutning på årets 20 års-markering. Pressefoto.

Lita Ford til Bluesen

Artistlista til årets bluesfestival i Skånevik er dermed komplett

Alf Warloe Christophersen kan kunngjera siste namn på artistlista og dermed er lista komplett for årets bluesfestival. Artisten Lita Ford kjem eins ærend til Skånevik for å avslutta Skånevik Bluesfestival 2016.

— Ford er rekna som ein av dei beste kvinnelege hardrock-gitaristar i verda, seier Christophersen og ser fram til å markera 20 år med skåneviksblues.

Lita Ford sitt høgdepunkt i karrieren er åttandeplassen på den amerikanske Bilboard Hot-lista med balladen og duetten «close my eyes forever» i saman med Ozzy Osbourne.

Platina og gull

Familien flytta til USA frå Storbritannia då Lita Ford var fire år gamal. Som elleveåring byrja ho å spila gitar. Ho blei medlem av bandet The Runaways med blant anna Joan Jett då ho var 16 år, og etter at gruppa blei oppløyst i 1979 satsa ho vidare med ein solokarriere. Debutalbumet hennar Out for Blood (1983) blei ingen særleg suksess, men hennar neste album Dancin’ on the Edge (1984) inneheldt singlane Fire in my Heart som kom på Topp 10 i fleire land, og Gotta Let Go som blei ein hit med førsteplass på «Mainstream Rock Chart» i USA.

Ford er rekna som ein av dei beste kvinnelege hardrock-gitaristar i verda

Ho turnerte i fleire år før ho kom med oppfølgjaren Lita (1988) som gav henne fire kommersielle hits; «Kiss Me Deadly», «Back to the Cave», «Close My Eyes Forever», og «Falling In and Out of Love». Sistnemnde låt har ho skrive saman med Nikki Sixx fra Mötley Crüe. Plata selde til platinaplate i USA og gullplate i Storbritania. Etter desse to platene gav Ford ut fleire album, men dei selde på langt nær så godt som debutplata og oppfølgjaren.

Programmet i boks

Med Lita Ford på plass er heile programmet for bluesfestivalen i boks.

Årets artistliste ser slik ut:

Torsdag:

  • Tito Lausteen Quartet (N)
  • Joe Rusi (N)
  • Kindred Fever (N)
  • Walter Trout (US)
  • Nazareth (UK)

Fredag:

  • Team de Roar (N)
  • Undergrunnen (N)
  • Papaslide (N)
  • BB Lyngs Bluesband (N)
  • Morudes (N)
  • Admiral P
  • Beth Hart (US)

Laurdag:

  • Hot Shot (N)
  • Myrna (N)
  • Berge & Flaaten (N)
  • Pat McManus (IRL)
  • Blues Pills (US/SE/F)
  • Never the Bride (UK)
  • CC Cowboys (N)
  • Lita Ford