To på rappen

Etter ein trå start har det lausna for Skånevik i fotballens 6. divisjon. Måndag i førre vele blei Sveio sendt heim med tomålstap. Kampen på Skånevik stadion enda 6-4 etter at det stod 3-1 ved pause. Gjestene gjekk i leiinga, men Kenneth Straumsøy og Leif Bjørnar Larsen kvitterte med to kjappe like etter, før Arve Ribesen Straumsøy sikra ei solid leiing før sidebytte. Kenneth Straumsøy var frampå igjen tidleg i andre omgang, og Martin Kristian og Leo André Markhus meldte seg også på i målkalaset. Sjølv om Sveio reduserte to gonger på tampen, var dei tre poenga aldri trua.

Tysdag kveld møtte Skånevik topplaget Åkra 2 på bortebane, og vann likegodt oppgjeret 1-2. Måla vart skåra av Kenneth Straumsøy og Ove Straumsøy. Skånevik har vunne sine siste 3 kampar i 6. div, og står med 9 poeng på ein fjerdeplass på tabellen etter fem serierundar.