Leiaren for Etnecup, Roar Gundegjerde, ventar storinnrykk både på fotballbanen og konsertteltet til helga. 
Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Leiaren for Etnecup, Roar Gundegjerde, ventar storinnrykk både på fotballbanen og konsertteltet til helga. Arkivfoto: Irene Mæland HaraldsenBilde 1 av 2
I morgon brakar det laus med Etne Cup - den 39. i rekka.
ARKIVFOTO
I morgon brakar det laus med Etne Cup - den 39. i rekka. ARKIVFOTOBilde 2 av 2

Fotballfest for tusenar

Etnecup nummer 36 blir sparka i gang fredag. Interessa for den populære fotballcupen er så stor at over 30 lag er å finna på ventelista dette året.

Dei unge spelarane i alderen 10 til 13 år kjem frå Haugalandet, Sunnhordland og Rogaland, og i løpet av helga skal dei kjempa om ballen på ei rekkje fotballbanar i bygda.

— Me har spelarar frå Vigrestad til Bergen, seier han.

Kampar heile helga

Rundt 400 kampar som skal spelast i løpet av tre dagar, og det blir spela på banar i Etne, enten ved Skakkesenteret eller på Steinsvoll. Laga skal spela éin kamp fredag, tre kampar på laurdag og ein kamp på søndag.

Fotballcupen er inndelt i ni klassar og kvar klasse er igjen inndelt i puljar på fire til fem lag. Alle som deltek får statuett etter at siste kamp er ferdigspela på søndag. I tillegg vert det delt ut vandrepokal til vinnarane i klassane åtte og ni, som er for dei eldste spelarane.

Stor dugnad

For å få fotballcupen til å gå rundt treng arrangøren, Etne IL ein god gjeng frivillige dugnadsfolk. Og år etter år stiller folk opp for å gjera det mest mogeleg triveleg for barn og vaksne som har sett av helga til fotballfest. Skular og barnehagar er gjort klare til å ta imot fotballspelarane når natta fell på, og på kjøkkenet på Skakkesenteret blir det full fart når svoltne munnar skal mettast.

— Me har 1.400 personar som skal overnatta i vår regi. Til å avvikla kampane har me 150 dommarar, alle frå Etne, og på kjøkkenet trengst det 200 vakter for å servera frukost, middag og kvelds. Ute trengst det like mange vakter til rigging og rydding. Det er mange flinke folk med og dugnadsinnsatsen er veldig god, fortel cupleiaren og ser til at alt er på plass så langt.

— Varene og telt til grilling og disco er på plass. Det lovar bra, seier Gundegjerde.

Aktivitetar

Det er ikkje berre fotball som står på programmet under dei tre dagane Etnecup varer. For at ungane skal ha noko å gjera på mellom slaga, har arrangørane ei rekkje fritidssyslar på programmet. Både fredag og laurdag inviterer dei til gratis kino, konsert og diskotek. Kløver Knekt og SkarreR held konsert fredag kveld, medan Raylee skal underhalda på laurdag. For dei som ikkje vil gå glipp av EM i fotball kan storskjerm i kinosalane på Skakke vera eit alternativ til å sjå dei litt større fotballstjernene boltra seg på banen.

Laurdag står også gardsbesøk på programmet.

— Me har hatt gardsbesøk nokre år nå, og her blir det både grilling og tur i fjøset der borna får sjå kyr i lausdrift på ein gard i Steinshagen, seier Gundegjerde.

Store ringverknader

Folketalet i bygda vert nesten dobla i løpet av cupdagane. Mange spelarar har familien med seg og foreldre møter opp for å sjå sine håpefulle i aksjon på banen. Sjølve cupen omset for rundt to millionar kroner, og i tillegg bidreg dei mange tilreisande til auka inntekter for butikkar og næringsliv elles i bygda. Det takkar dei ikkje nei til.

— Det er bra at næringsliv og butikkar er så positive til arrangementet. Og så har me eit svært godt samarbeid med skulen, seier cupsjefen og gjer håpar på godvêr og glade barn i dagane som kjem.