Arbeidsuhell ved Westcon

Onsdag føremiddag vart det meldt om arbeidsuhell på ein båt ved Westcon i Ølensvåg. Ein tilsett i reiarlaget Østensjø, som eig båten der uhellet skjedde, datt ned frå ei trapp i forbindelse med lasting av ein container. — Personen var vaken då ambulansepersonell kom til staden og han vart frakta med helikopter til sjukehuset i Stavanger, opplyser Arild Austerheim ved Vindafjord og Etne lensmannskontor. Pasienten er lattare skada og tilstanden er stabil, melder sjukehuset.