Kristoffer Harladseid og FKH tapte 3-2 mot Brann laurdag.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Kristoffer Harladseid og FKH tapte 3-2 mot Brann laurdag. ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Helten held truleg fram i FKH

Haraldseid scora sigersmålet med eit fantastisk frispark i kampens 81. spilleminutt. Han fortalde til pressa etter kampen at han har øva mykje for å treffe ballen akkurat der han gjorde, for å få til å skru ballen over muren og heilt opp i venstre hjørne på målet.

Over 7.000 tilskodarar var vitne til prestasjonen. Og med unnatak for om lag 1.500 bergensarar som hadde reist til Haugesund for å sjå dei to medaljejagande laga, jubla alle vilt for målet.

Det er ingen hemmelegheit at U21-landslagsspelaren ønskjer å prøve seg i ein større klubb snart. Men det ser ut til at han blir i FKH, som no ligg på tredjeplass på tabellen, i alle fall ut sesongen.

— Det er ikkje noko nytt om eventuelle overganger og eg trur eg blir i Haugesund, sa Haraldseid til Haugesunds Avis etter kampen.