Trafikkulykke i Isvik

Klokka 16.10 sundag melde Sør-Vest politidistrikt om ei trafikkulykke på E134 i Isvik i Skjold.

Det skal vere snakk om ein påkøyring bakfrå.

Naudetatane var akkurat kom til staden då Grannar snakka med operasjonsleiar Rune Plassen på telefon klokka 16.24.

— Det eg veit er at det er to køyretøy involvert, og at der ein del kø på staden, seier han.

Klokka 16.39 melder politiet på Twitter at bilane er ute av vegen, og at det fri ferdsel på staden. Men det kan bli noko venting i samband med bilbering.

Klokka 17.09 fortel operasjonsleiar Rune Plassen til Grannar at to personar er køyrd til sjukehus i samband med ulykka, for å få tatt ein sjekk i røntgen etter ulykka.