Skånevik omsorgssenter. FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Framtidas tilbod ved Skånevik omsorgssenter blir venteleg eit hovudtema i formannskapet i morgon. FOTO: TORSTEIN NYMOEN

Blir «aldersheim»

Skånevik omsorgssenter blir «aldersheim» for innbyggjarar frå heile kommunen. Men dei aller sjukaste skal få sitt tilbod i Etne.

Ein mange år lang sak blir landa i Etne kommunestyre i kveld tysdag. Men allereie i eit ekstraordinært formannskap i ettermiddag vart det klart kva fleirtalspartia går for. Dei la fram eit forslag (sjå fakta) som fekk samrøysta tilslutnad i formannskapet.

Vedtaket inneber mellom anna at det blir byggestart for nye Etne omsorgssenter om ikkje lenge. Men størst spenning har vore knytt til kva løysing ein landar på for Skånevik omsorgssenter sin del. Her går politikarane for såkalla heildøgns omsorgsplassar (HDO3-modell) for 14 rom, med stasjonær bemanning og tilsynslegeordning. Her skal pasientar som blir vurdert til å ikkje kvalifisere for sjukeheimsplass etter ny plan og tenestestandard, og frå heile kommunen, få tilbod om plass.

«Aldersheim»

«Med HDO3 skal ein forstå eit omsorgsnivå tilsvarande det ein før kalla «aldersheim», heiter det i vedtaket.

Skånevik skal framleis ha kjøkkendrift og tilby måltidsabonnement til bebuarane.

Dei aller sjukaste pasientane skal få ved Etne omsorgssenter. Det betyr at dagens åtte sjukeheimsplassar blir flytta til Etne. Omlegginga skjer frå mars neste år, i samband med at ombygginga i Skånevik startar opp då.

Ved nye Etne omsorgssenter, som truleg står ferdig tidlegast vinteren 2019, skal det byggast 40 plassar. Desse skal bli 30 sjukeheimsplassar, og 10 HDO-3 plassar, altså på same nivå som HDO3-plassane i Skånevik.

— Dette er ein stor dag i dag for Etne kommune og spesielt for omsorgssektoren. Me skal gjere vedtak om bygging av nytt omsorgssenter. Den største investeringa som har vore gjort i Etne kommune i kroner og øre. Det er spesielt og stort, sa gruppeleiar for KrF, Ingemund Berge, i formannskapet.

Forsvarte kursendringa

I kommunestyret sa gruppeleiar Kenneth Karlsen i Frp at han er glad for saka no blir landa. Han poengterte at hans eiga parti i valkampen gjekk høgt ut og sa at sjukeheimsplassane i Skånevik ikkje skulle rørast i denne perioden. Han forklarte at kursendringa heng saman med at kommunen skal re-definere kva ein sjukeheimsplass skal vere.

— Me snakkar om eit avansert mini-sjukehus i framtida, ikkje som i dag, sa han – og la til at HDO3-plassar, som ein no får, kan samanliknast med dagens sjukeheim-standard.

Og til slutt la han til.

— Hadde me ikkje vore trygg på at dette vil gi eit godt tilbod til innbyggjarane våre, så ville me ikkje gått for det, sa han.

Klokka 18.12 vart fellesforslaget vedtatt samrøysta av kommunestyret.

LES MEIR OM SAKA I PAPIRAVISA TORSDAG