Valadministrasjonen i Etne fintel røystene som til slutt viste rundt 58 prosent nei og 41 prosent ja til samanslåing med nabokommunen.
FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Valadministrasjonen i Etne fintel røystene som til slutt viste rundt 58 prosent nei og 41 prosent ja til samanslåing med nabokommunen. FOTO: TORSTEIN NYMOENBilde 1 av 2
Marit Aga Hustveit og Harald Olav Stuhaug leverer stemmer frå Sandeid til Berit Hetland for finteljing.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Marit Aga Hustveit og Harald Olav Stuhaug leverer stemmer frå Sandeid til Berit Hetland for finteljing. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 2 av 2

Klart Nei frå folket

Innbyggjarane i både Etne og Vindafjord seier Nei til samanslåing

Grovteljinga og førebelse oppteljing viser solide nei både i Vindafjord kommune og Etne.

Folkrøystinga er over og innbyggjarane i dei to kommunane ynskjer ikkje samanslåing.

Vindafjord:

Grovteljinga i Vindafjord viser:
74,36 prosent Nei
24,76 prosent Ja
0,88 prosent Veit ikkje.

Dette vil seia 2.294 nei-røyster, 764 ja og 27 Veit ikkje.

Oppslutninga er på ca. 47 prosent, noko som er lågare enn forventa og godt under det som er vanleg med kommune- og stortingsval.

Marit Aga Hustveit og Harald Olav Stuhaug leverer stemmer frå Sandeid til Berit Hetland for finteljing. Foto: Irene Mæland Haraldsen

Marit Aga Hustveit og Harald Olav Stuhaug leverer stemmer frå Sandeid til Berit Hetland for finteljing.
Foto: Irene Mæland Haraldsen

Etne:

Også innbyggjarane i Etne kommune seier nei, sjølv om Nei-fleirtalet ikkje er like stort.

Resultat, med unntak av Fjæra, den minste valkrinsen:
940 røyster Nei
666 røyster Ja
19 røyster veit ikkje.

Tala er inkludert førehandsrøyster. Det gir eit frammøte på ca. 54 prosent.

Det gir denne fordelinga:
Nei:            57,8 prosent
Ja:             41,0 prosent
Veit ikkje:  1,2 prosent

Røyster krinsar Etne 26. september

Etnesjøen er einaste krins i dei to kommunane som hadde ja-fleirtal.
Slik er fordelinga i Etne krinsane:

Krinsnamn Ja Blanke Nei Totalt
Fjæra 22 0 23 45
Sævareid 15 0 61 76
Etnesjøen 478 7 455 940
Skånevik 80 12 242 334
Framand 14 0 10 24
Sum 609 19 791 1419

Førehandsrøyster

Like før kl 20.30 offentlegjorde valstyret i Ølen rådhus desse tala av førehandsstemmer:
Nei: 304
Ja: 80
Veit ikkje: 5

Valstyret har valt å telja stemmene som kom inn seint, og desse viser 5 Ja, 14 Nei og 1 Veit ikkje. Desse tala er inkluderte i tala over.

Røyster krinsar Vindafjord 26. september

Krinsnamn Ja Blanke Nei Totalt
Skjold 70 7 440 417
Vats 120 2 246 368
Sandeid 82 4 282 368
Vikedal 41 1 244 286
Imsland 14 1 116 131
Ølen 180 3 298 481
Vågen 96 1 136 233
Bjoa 40 3 112 155
Vikebygd 41 1 116 158
Sum 684 23 1990 2697
Ja Blanke Nei Totalt
Samla røystetal 764 27 2294 3085