Norges Røde Kors veit ikkje kven som trakk ut milliongevinsten i Skånevik, og folk sjekke pantelappane sine.
FOTO: PANTELOTTERIET
Norges Røde Kors veit ikkje kven som trakk ut milliongevinsten i Skånevik, og folk sjekke pantelappane sine. FOTO: PANTELOTTERIET

Har nokon kasta ein million?

Ved 15-tida laurdag hadde framleis ingen meldt seg som vinnar av ein million kroner etter å ha panta tomflasker i Skånevik.

Torsdag vart ein førebels ukjent person millionær i Skånevik, med tomflasker som innsats. Etter at Grannar skreiv om saka fredag har saka vore mykje omsnakka i Grannar-distriktet. Men førebels utan resultat.

LES OGSÅ: Jaktar heldiggris

— Ingen har meldt seg enno, stadfestar rådgjevar Torkel Vik i PR-byrået Apeland på vegne av Pantelotteriet ved 15-tida laurdag.

Mysterium

Saka er eit mysterium for Norges Røde Kors, som får overskotet av Pantelotteriet.

Kvar gong ein vinn i Pantelotteriet, spillar automaten ein høg trudelutt, så ein finn det lite sannsynleg at vinnaren ikkje har merka seg at det vart gevinst.

— Så me håper at dette berre er nokon som ventar med å ta kontakt, seier han.

Men i verste fall er loddet kasta.

Røde Kors kan få pengene

— I så fall har vedkommande kasta eit verdipapir til ein verdi av ein million kroner, seier Vik.

Om ikkje vinnaren meld seg innan 90 dagar går pengane attende til Røde Kors.