11 mister jobben

Fabrikksjef Ståle Lærdal fekk den skuffande meldinga seint torsdag ettermiddag. — Me likte det ikkje, […]

Fabrikksjef Ståle Lærdal fekk den skuffande meldinga seint torsdag ettermiddag.
— Me likte det ikkje, men me har jo høyrt føringane. Dette var ikkje noka bombe, lyder den første kommentaren hans.
— Dette har vore ein innmari godt arbeidsplass. Her er lite gjennomtrekk. Ein venner seg til lukta, men ho blir aldri god, meiner sjefen, som har arbeidd ved destruksjonsanlegget sidan 1985.
Terje Kåsin har arbeidd som reparatør ved anlegget dei siste tre åra, og han trivst like godt.
Frir til ny jobb
— Nå blir det ledig ein veldig god reparatør, seier mannen, med klar adresse til potensielle arbeidsgjevarar.
Telemarkingen som bur i Ilsvåg har slett ikkje tenkt å sitja med hendene i fanget når den siste arbeidsdagen på Norsk Protein er over. Det er ikkje fastsett ein endelig sluttdato, men det blir truleg ein gong i mars.
Arvid Dale og Kjell Ove Mattingsdal arbeider som operatørar. Dale har vore innom som sesongarbeidar sidan 1982, og har arbeidd fast dei siste fem åra. Mattingsdal, som er tilflyttar frå Bryne, har arbeidd i destruksjonsanlegget dei siste sju åra.
— Det er eit godt arbeidsmiljø her. Men det går nok an for oss å få annan jobb, viss me vil ha jobb, meiner Mattingsdal.
Logistikken felte Sandeid
Norsk Protein AS er eigd av den norske kjøttbransjen i fellesskap. Gilde Norsk Kjøtt, Prior og Kjøttbransjens Landsforbund eig aksjeselskapet, som har sju destruksjonsanlegg spreidd rundt om i Noreg. Det er totalt 80 årsverk.
— Vedtaket om nedlegging er eit resultat av at me har ein overkapasitet i Norsk Protein. Me såg på Fredrikstad og Sandeid med tanke på nedlegging, forklarer Jan Rosland, som er direktør i Norsk Protein.
Det var transportkostnadene som gjorde at styret vel å leggja ned i Sandeid. Det aller meste av det som blir behandla i Sandeid per i dag, kjem nemleg frå Austlandet. Når Sandeid-anlegget blir lagt ned, skal alt som elles ville ha blitt behandla i Sandeid, fraktast til Fredrikstad. Derifrå blir det fordelt på anlegga på Hamar og på Grødaland på Jæren.
Sjølv om noko avfall i framtida må sendast austover over fjellet, så blir dette mykje mindre enn det som i dag kjem austafrå til Sandeid. Dermed blir det samla sett ein logistisk gevinst for kjøttbransjen å halda på Fredrikstad og leggja ned i Sandeid.
Leif Malvin Knudsen i Fatland-konsernet er den einaste haugalendingen som sit i styret i Norsk Protein AS. Han hadde gjerne sett at destruksjonsanlegget i Sandeid kunne halda fram, dersom det ut frå økonomiske vurderingar hadde vore forsvarleg.
— Anlegget har i vore i faresona lenge. Så langt har me funne fornuftige argument for å behalda det, men nå var ikkje det mogleg lenger. Som haugalending synest eg at dette er leit, men det var ikkje nokon veg utanom. Differansen låg på fraktkostnader, seier Knudsen.
— Ville det ikkje spara frakt å ha eit anlegg liggjande nær dei to store slakteria i Ølen og Sandeid?
— Mesteparten av råstoffet frå Ølen og Sandeid blir sendt til destruksjonsanlegget på Grødaland på Jæren. Det har vore slik dei siste åra, og det blir ikkje noko endring på det, forklarer Knudsen.
Dei ulike destruksjonsanlegga behandlar ulike typar avfall. Dermed har Sandeid-anlegget teke imot risikoavfall frå heile landet sør for ei linje Sognefjorden-Trøndelag, medan vanleg avfall frå Haugesundshalvøya altså blir sendt over Boknafjorden til Grødaland-anlegget på jærkysten.