200.000 kroner til Asia

Ein solid pengesum er no på veg frå Grannar-distriktet til dei katastroferamma i Asia. Over […]

Ein solid pengesum er no på veg frå Grannar-distriktet til dei katastroferamma i Asia. Over hundre små og store elevar frå Enge skule og frå Ølen vidaregåande skule gjekk med bøsser i heile distriktet i eit par våte og mørke timar torsdag. Aksjonen var resultat av eit samarbeid med Røde Kors i Etne.
— Me er oppe i nærare 200.000 kroner, slår ein nøgd Olav Sølvberg i Etne Røde Kors fast, etter at han har vore i banken med bøssene fredag.
Då har han også rekna med pengar som har kome i bøsser som har stått ute i butikkar og bankar.
Dei yngste gjekk i grupper saman med vaksne og Røde Kors-representantar torsdag. Etter innsamlingsøkta fekk dei pølser og brus i Røde Kors-huset. Både ordførar Amund Enge, leiar i Etne Røde Kors, Lars, Lars Olav Bergsvåg, og rektor ved Enge skule, Morten Odeen, var med og gav elevane ros.
— Eg er stolt over dykk, sa rektoren.
Heile 70.000 kroner blei talt opp etter deira økt, medan dei vidaregåande elevane fekk inn nærare 44.000 kroner i Ølen og Vindafjord.
Også Vindafjord Røde Kors har hatt bøsser ståande i butikkar og bankar sidan flodbølgja ramma, men det lukkast ikkje Grannar å få tak i ein representant derfrå på fredag for å få vite kor mykje dei hadde fått inn. Fleire ungar har meld frå om at dei samla inn pengar til dei katastroferamma på julebukk-dagen. Mellom dei er Ragnhild, Vebjørn og Håvard Skipevåg som gjekk saman med Ellinor og Reidar Austrheim til husstandar i Vikedalsdalen. Dei var i banken i Vikedal fredag med pengane. I Etne Sparebank var Sigrid, Ragnhild og Amalie Kaldheim på fredag og sette inn pengar på kontoen til Redd Barna. Dei hadde fått inn 951 kroner frå husstandar på Kaldheim, der dei gjekk saman med Vebjørn og Sunniva Næss Lye.