Adventstime i lavvo

Samlingane føregår i ein lavvo eit lite stykke frå skuleområdet. Skulen var så heldig å […]

Samlingane føregår i ein lavvo eit lite stykke frå skuleområdet. Skulen var så heldig å få tildelt ein lavvo i gåve frå Vikedal og Imsland bygdeliste. Denne har foreldra ved FAU funne ein flott plass til og montert opp slik at ein kan nytte denne i skulekvardagen som ein annleis læringsarena. Me vil nytte høvet til å takka foreldra for framifrå innsats med lavvoen.
Tilbake til adventsstunda; opplegget er å spasera opp til lavvoen, som har fyr i omnen, og tenna lys, synga songar, drikke varm solbærtoddi og ikkje minst ha besøk av ein spesiell gjest. Til å opne denne adventsstunda hadde skulen vore så heldig å få ordførar Reidar Håvås på besøk. Han leste «Tesjekjerringa» av Alf Prøysen med innleving og fortalde om korleis han feira jul då han var liten. Elevane fekk stilla spørsmål som dei fekk gode svar på. Han fortalde blant anna at det var mykje spel og leiker i tre han fekk i presang då han var liten.
— Det var ikkje mykje plastikkleiker på den tida, kan du sei, fortalde Håvås til eit lydhøyrt publikum.
Neste adventstund får skulen besøk av bestemor Jenny Nordtveit som skal fortelja om jula då ho var lita. Når det tredje lyset skal tennast, kjem Aurelija Hustveit innom lavvoen. Ho kjem frå Litauen og skal lesa ei tradisjonell juleforteljing frå heimlandet samt fortelja om korleis dei feirar jul der. Me gler oss!
Siste måndagen før me tek juleferie, blir det «nissemarsj» som endar opp i lavvoen.. Då går elevane med nisselue og lykt! Kanskje kjem nissen på besøk i lavvoen?

Nils Erik Eide,
rektor Imsland skule