Agentar for bondens helse

Landbrukshelsa i Nord-Rogaland vil ha fleire bønder på banen i spørsmålet om helse og tryggleik […]

Landbrukshelsa i Nord-Rogaland vil ha fleire bønder på banen i spørsmålet om helse og tryggleik på arbeidsplassen sin. Det er for seint når skaden er skjedd, eller helsa sviktar.
For å få temaet på dagsorden har Landbrukets HMS-teneste kurs for lokale kontaktpersonar i bondeorganisasjonane. Dei skal så gå tilbake til lokalmiljøet sitt med idear, og få fleire til å ta denne delen av bonden sin kvardag på alvor.

Helsa til slutt
Det er fire år sidan Landbrukets HMS-teneste kom i gang på Haugalandet. Så langt er det 119 bruk som har meldt seg inn, og det betyr at berre ei god handfull prosent av bøndene er knytt til ei HMS-teneste.
— Det er rett å seie at det går tregt å rekruttere bønder til å systematisere arbeidet med helse og tryggleik på arbeidsplassen sin. Førebygging er svært viktig, seier Johannes Hustveit, bonde i Skjold og leiar for regiongruppa i Landbrukshelsa på Haugalandet.
Jan Sverre Frønsdal frå Ølensvåg er nytilsett fagrådgjevar i Landbrukshelsa, og han meiner målet for det neste året må vere å få 20 nye bruk inn i HMS-tenesta for landbruket.
— Det er god økonomi å vere opptatt av tryggleik og arbeidsmiljø. Det er feil å tenkje at ein sparer pengar. Det kan fort bli dårleg økonomi i å ikkje førebyggje, seier han.

Slitasje utfordring
Hustveit er ganske sikker på at halvannan tusenlapp i medlemsavgift, er utslagsgivande for at mange vel å stå utanfor Landbrukshelsa.
— Det blir snakka for lite om denne type spørsmål i næringa og naboar i mellom. Ein er for mykje aleine og steller med sitt, meiner han.
Frønsdal ser ei stor utfordring i å få bønder til å tenkje tryggleik og helse.
— Det bør ein starte med medan ein enno er frisk. Det skjer ulukker i landbruket, men eg trur den aller største utfordringa i yrket er slitasje. Det krevst ei aktiv førebygging, meiner han.
Landbrukshelsa har avtale og kontorfellesskap med Haugaland HMS-senter, og bøndene kan difor dra nytte av fagfolka og kompetansen der.

Ikkje politi
Fagkoordinator i Landbrukshelsa frå Sunnhordland til Agder, Arnstein Kartevoll, understreka for dei lokale kontaktane at HMS ikkje er noko politi.
— Vi skal opplyse og gi råd, men vi er ikkje noko arbeidstilsyn som kjem med pålegg, sa Kartevoll.
Prøvekanin for gjennomgang av tryggleik og arbeidsmetodar, var garden til Torgeir Øverland. Han er HMS-kontakt i bondelaget i Sandeid.
Øverland er ein bonde som stadig prøver nye metodar og rutinar for å gjere arbeidsplassen trygg og god. I hans tilfelle finn ein det gode dømet, heller enn dei mange fallgruvene. Men også hos Øverland kunne Kartevoll gi råd og vink Sandeid-bonden kan ha nytte av.