Dagleg leiar i Fikse Næringsforening, Nils Einar Steinstø sovna stille inn 27.september 2024, 59 år gamal.
Eg var så heldig å få bli godt kjent med Nils Einar når eg blei valt inn som styreleiar i Fikse Næringsforening i 2021. Det å få arbeide tett med Nils Einar har vore spanande og lærerikt, og svært givande. Han var ein mann med ein enorm kompetanse, innsikt og forståing for næringsliv, og han hadde eit samfunnsengasjement generelt.
Nils Einar hadde utdanning innan både ingeniør- og hotellfag, og hadde solid leiarerfaring frå ulike selskap. Reiselivsbransjen kjente han svært godt.
Han flytta heim igjen til Etne i 2020, då starta han også opp som dagleg leiar i Fikse Næringsforening. I den oppgåva gjekk han inn med ein enorm iver, og med hans store arbeidskapasitet fekk han til svært mykje desse fire åra. Det var så tydeleg at han ynskte at næringslivet i Etne og Vindafjord skulle lukkast, og det å ha kommunane med som gode samarbeids- og sparringspartnarar var viktig for han.
Det er mange ting eg kunne trekt fram om det gode arbeidet Nils Einar gjor. Det eg vil trekke fram i dette minneordet, er noko av det siste Nils Einar arbeida både hardt og godt for å få til- programmet «People of the North», som er eit program som skal vera med og setje bygdene på verdskartet. Med Nils Einar sitt store kontaktnett, fekk Etne og Vindafjord moglegheit til å vera med i dette programmet. Produksjonen hadde eigentleg nok innhald, men med Nils Einar si gode forhandlingsevne, fekk bygdene våre bli med i denne flotte produksjonen som blir vist i over 70 land. Nils Einar hadde ein stor draum om å få Etne og Vindafjord på kartet. Eg vil sei han lukkast med å realisera den draumen.
I tillegg til å vera ein viktig mann for næringslivet, var han også ein mann med eit stort hjarte. Han var interessert i menneska rundt seg. Eg fekk bli kjent med Nils Einar personleg. Hans store engasjement handla om meir enn arbeidsliv. Han ynskte også å vera med og påverke eit betre oppvekstmiljø for unge homofile. Pride-markeringane var viktige for han, og han var svært stolt og takknemleg for at Etne har hatt markering dei siste åra.
Dei aller viktigaste i Nils Einar sitt liv var familien. Han snakka mykje og varmt om dei. Å få bu nærme dei var noko han gav uttrykk for at han sette stor pris på. Han var ein person som likte å klare seg sjølv, likevel uttrykte han stor takksemd for å ha familien så tett på og til stor hjelp under den vonde sjukdommen han stod i til det siste.
Eg sendte med gjevne mellomrom meldingar til Nils Einar for å høyre korleis han hadde det. Eg fekk alltid spørsmål igjen om korleis eg hadde det. Og ofte ein “peikefinger” viss han syntes eg arbeida for mykje. Det hadde me ein del lått og løye rundt, for var det nokon som arbeida mykje så var det han. Han fekk ofte “peikefingeren” av meg også. Me passa meir på kvarandre der, enn oss sjølv. Og me var meir enn ein gong einige om at me var nokså like.
Den siste meldinga eg sendte nokre dagar før han sovna inn fekk eg ikkje svar på. Det var ikkje likt han, og eg forstod då at han var blitt dårlegare. Det var godt å lese i meldinga frå familien at han hadde dei nærmaste rundt seg. Då veit eg at avslutninga på livet blei slik han ynska, sjølv om eg veit at han skulle så gjerne vore her blant oss så mykje lengre.
Ein omsorgsfull mann, med livsgnist til det siste skal nå få kvila.
Eg lyser fred over Nils Einar sitt minne.
Anette Lauareid Hovda
Styreleiar Fikse Næringsforening