Andreplass i Sarpsborg

Helga før vart han nummer to i Vestlandsmeisterskapet, og sjølv om det no blei ein […]

Helga før vart han nummer to i Vestlandsmeisterskapet, og sjølv om det no blei ein ny andreplass i breiddeløpet i Sarpsborg, er Ole Eirik ikkje heilt nøgd med forma for tida.
— Eg burde vunne løpet i Sarpsborg, men eg føler ikkje eg er i god nok form og no blir det meir trening, seier han, som ikkje heilt har bestemt seg om det blir deltaking i den første NM-runden i motocross som går til helga.
— Banane det blir kjørt NM på er både lange og tøffe, og då må du vere i form, og no blir det trening i Vikedal før eg tar den endelege avgjerda om eg reiser til NM, seier Mæland.