Ap kan bli skattejoker

Fleire parti er på glid i kommunestyret i Vindafjord og stiller spørsmål om ein fattig […]

Fleire parti er på glid i kommunestyret i Vindafjord og stiller spørsmål om ein fattig fant har råd til å seie nei til eigedomsskatt som vil gi 10-12 millionar kroner i ekstra inntekter.
Fleirtalet i formannskapet avviste skatten galant, medan det i kommunestyret var solid fleirtal for å ta opp igjen ekstraskatten i samband med budsjettet for 2007.
I mellomtida skal rådmannen laga eit regelverk for korleis ein kan bruke dei ekstra inntektene til å utvikle kommunen.
Utvikle kommunen
I realiteten betyr det at eigedomsskatten er eit steg nærmare å bli innført for alle bustader i Vindafjord. Fleirtalskameratane Sp, KrF, Ap og bygdelistene i Vikebygd og Bjoa er steget nærmare å innføre eigedomsskatt dersom pengane blir brukte til å utvikle både kommunen og infrastrukturen, og ikkje gå direkte inn i driftssluket.
Det var ordførar Arne Bergsvåg som la fram forslaget på vegner av fleirtalet.
Men gruppeleiar Reidar Håvås i Ap snakka som han var imot, og var sterkt kritisk til eigedomsskatt i Vindafjord.
Sterke signal mot
— Eg får dagleg signal om at folk ville ha stemt mot kommunesamanslåinga dersom dei hadde visst at dei fekk eigedomsskatt på kjøpet. Dei fekk jo løfter om betre tenester og betre økonomi, ikkje ein ekstraskatt. Det blir ei eiga leige på eigedommen, og eit hefte som reduserer verdien, sa Håvås.
Trass i at han stemte for vedtaket, har Håvås sterk motvilje mot eigedomsskatt. Det kan tyde på at Ap kan bli jokeren når eigedomsskatten kjem opp igjen. Mistar fleirtalet AP, mistar også ekstraskatten fleirtal.
Gulrot for bygdene
KrF og Oddvar Haugland står i spissen for ei sukring av eigedomsskatten som har skapt større stemning for. Pengane skal i så fall brukast til å utvikle bygdene og infrastrukturen. Når kommunen må kutte i drifta er det ingen pengar til å satse på fotballbaner og andre gode som er med og skaper kvalitet i bygdene. Dermed kan ein øyremerkt eigedomsskatt vere den reddande engel.
Mindretalet med Høgre, Frp og Tverrpolitisk liste for Vats/Skjold er derimot heilt avvisande til skatten.
— Det er nesten rørande å høyre på kva vi skal bruke skatten til. Vi sit og diskuterer denne saka fordi vi går med 20 millionar kroner i underskot. Det vil ikkje gå ei krone til fotballbaner, sa Terje Halleland (Frp).
Øyvind Haraldseid hevda at eigedomsskatt blir ei sovepute og sa at SVTL vil krevje folkeavrøysting om skatten.