Årsbeste i nordisk

GJØVIK: — Det er naturligvis litt surt å tenkje på at eg berre var nokre […]

GJØVIK: — Det er naturligvis litt surt å tenkje på at eg berre var nokre få sekund for seint ute til å vinne eller ta medalje. Spesielt når eg på nytt brekker staven i et stort og viktig renn, sa Larsen til Grannar etter dei tre konkurransane i Gjøvik.
Bronse i stafetten, fjerdeplass på 10-kilometer og 20.plass på sprinten vart det på den formsterke Vindafjord-løparen. Bjørnar hamla opp med samtlege svenskar, finnar og estlendarar. Framfor han i milløpet var det tre nordmenn. Tore Søbak Gundersen, Magne Dæhli og Eirik Sæves la beslag på dei tre første plassane. Det var berre to sekund som skilte dei tre første. Bjørnar var som nemnt sju sekund frå å gå til topps då han endeleg fekk sjansen til å representere Noreg.
Årsbeste
— Eg har meg sjølv å takke for at eg brekte staven. Eg sette den mellom beina og køyrde skia over den, sa Bjørnar som fekk same skjebne på Lygna sist helg. No håpar han kvoten for uflaks er brukt opp. Junior-NM i Molde blir neste store oppgåve for han og distriktets mest lovande tenåringar. Det han presterte i juniorlandskampen var årsbeste. I junior-NM håpar han å gå litt raskare.
Etter rennet i går reiste han heim til Sandeid. I morgon set han på nytt kursen for Hovden. Snøforholda i heimtraktene er for dårlige til at han vil vere der i vinterferien. Bjørnar tar ingen sjansar halvanna veke før junior-NM startar.
— Eg er avhengig av skikkelige snøforhold for å vere optimalt førebudd til det meisterskapet.
Medaljestrid
— Kor høgt sikter du i det som blir ditt andre juniornoregsmeisterskap, Bjørnar?
— Eg har ambisjonar om å være med i medaljestriden. For å klare det er eg avhengig av full klaff, seier løparen som tok sølv i tilsvarande arrangement for eitt år sidan.
Bjørnar rangerer framleis Noregscuprennet på Hovden i fjor som sin beste prestasjon i langrennssamanheng.
— Eg har gått fort i heile vinter. Heilt sidan eg starta oppkøyringa til denne sesongen har eg hatt junior-NM i tankane. Til liks med konkurrentane prøver eg å prikke inn toppforma i forkant av det nasjonale meisterskapet, fortel Bjørnar som gikk på Noreg sitt førstelag i stafetten. Dei måtte sjå seg slått av Noreg sitt andrelag og Sverige sitt førstelag i spurten.