Attende i storpolitikken

— Eg skal vera glad for at eg ikkje dreiv advokatpraksis for meg sjølv. Då […]

— Eg skal vera glad for at eg ikkje dreiv advokatpraksis for meg sjølv. Då hadde det nok ikkje nytta. Men Kluge Advokatfirma DA har heldigvis 75 på lønningslista. Det gjorde det mogeleg å få andre til å overta sakene mine. På rekordtid. For er det noko den nye raudgrøne regjeringa ikkje har for mykje av, er det tid. Allereie torsdag denne veka legg me fram tilleggsmeldinga på statsbudsjettet for 2006, fortel skåneviksbuen. Me er i 9. etasje i det som på det departementale språket heiter R5. For dei som er litt kjende i Akersgata, er dette bygningen vegg i vegg med glashuset til VG.
Inga opplæring
Når Navarsete plukka Tungesvik til statssekretær, visste ho nøyaktig kva ho fekk. Ein folkeleg vestlending og eit politisk dyr i ein og same person. Ein svolten jurist med sans for debattar og dei gode kampsakene. Ein mann med eit solid nettverk, og ein som til denne tid har vore særs dyktig til å takla media. Og ikkje minst fekk den nye statsråden frå Sogn og Fjordane ein støttespelar som ho har arbeidd tett saman med tidlegare.
— Det er rett. Under Magnhild Meltveit Kleppa si tid som sosialminister, var eg først politisk rådgjevar. Sidan vart eg statssekretær, og då kom Navarsete inn og tok over jobben som eg gjekk frå, røper Tungesvik.
— Opplæringstida mi var med andre ord unnagjort før eg tok turen frå Bergen til hovudstaden denne gongen. No kunne eg omtrent starta opp med arbeidet i det sekundet eg vart utpeikt til stillinga som statssekretær.
Sterk start
Er det nokon som for alvor har brukt dei første vekene etter regjeringsskiftet til å markera nye vegval, må det bokstavleg tala vera Samferdsledepartementet. Navarsete hadde ikkje før teke plass i statsrådstolen, før ho stansa konkurranseutsetjinga av Jernbaneverket. Og meir eller mindre proklamerte at fri konkurranse på drift av jernbane i Noreg gjerne ikkje er det heilt store.
— Posten sorterer også under departementet vårt. Her har det den siste veka storma kring portotakstane for ein del vekesmagasin og fådagarsaviser. Sidan aviser og blader er dei som har kortaste vegen til spaltene, vert det ofte høg temperatur i slike saker. Dei langt fleste avisene vil ikkje merka veldig stor skilnad frå 2004 og 2005. Men for dei det gjeld, vert utslaga til dels veldig store. Det er ei sams oppfatning i regjeringa om at me her må finna gode løysingar. Departementet vårt har allereie ein tett dialog med folket til kulturminister Trond Giske, og me kjem i hamn. Om ikkje til torsdag, så iallfall i løpet av første halvår 2006, forsikrar Tungesvik.
Litt komplisert
— Reint generelt er det også ei oppfatning i den nye regjeringa om at Posten først og fremst skal gå med post. Verksemda skal også gå med overskot, men det må ikkje gå utover at dei kan gje ein generell god service til heile landet. Til prisar som folk kan leva med. Avisene inkludert. Men det er også nokre store skjer i sjøen. Me er nemleg avhengige av å finna løysingar på dette som ligg innanfor den hersens EØS-avtalen. Klarer me ikkje det, kjem både ESA og Post- og teletilsynet på bana. Her gjeld det å styra sikkert i smult farvatn, seier 39-åringen, som både har post- og ei juridisk utdanning.
Gjeld alle
Med ansvar for mest all kommunikasjon i dette landet, seier det seg sjølv at det er mange som har meiningar dei gjerne vil drøfta med den politiske leiinga i Samferdsledepartementet.
— Om det gjeld vegutløysing, bomstasjonar, flyavgifter, telefoni og Internett, kollektivtransport, svevestøv eller hurtigtog over Haukeli, så tek folk kontakt. Eg har etter berre eit par veker i jobben fått innspel frå samtlege fylke, og snart dei langt fleste kommunane i landet. Det me balar med hjå oss har interesse hjå alle. Det er kjekt. Mitt eige forhold til samferdsle er at eg alltid har vore ein storbrukar av alle kategoriane, konkluderer den ferske statssekretæren.

PS! For kort tid sidan overleverte Steinulf Tungesvik 36.000 underskrifter til redaktørane i VG og Dagbladet. Underskrifter som krev bruk av nynorsk også i dei to store laussalsavisene.
— Me er lova møte med begge to, og eg særs spent på utfallet. Men diverre vert det utan meg, seier skåneviksbuen, som i staden valte å bli ein del av den nye fleirtalsregjeringa.