I dag var det synfaring med representantar frå Vindafjord kommune, hovudentreprenør Barnebygg AS og underentreprenøren Vassbakk & Stol.
Gravemaskinene avslørte for nokre dagar sidan at der ein håpa var fjell, viste seg å vere stor stein og leire. Dermed må det også nye tiltak for å gi barnehagen ei skikkeleg fundamentering. Men først må det ei ny undersøking av grunntilhøva.
Den forseinka barnehagen skal etter planen vere ferdig til 1. august.
Både prosjektleiar Solveig Hortmann i Vindafjord kommune og Tor Gunnar Skaar i kommunaltekniske tenester var med på synfaringa i dag, men dei avdramatiserer konsekvensane av funnet under bakken.
Hortmann ser ingen grunn til å vente at barnehagen blir forseinka på grunn av leirfunnet.
Barnehage på leirgrunn
Jon Edvardsen I dag var det synfaring med representantar frå Vindafjord kommune, hovudentreprenør Barnebygg AS […]