Beste kvinne rundt Ølmedalsvatnet

Besøkstalet held seg jamt og høgt under Ølmedal Rundt. Heile 1066 løparar og turgåarar møtte […]

Besøkstalet held seg jamt og høgt under Ølmedal Rundt. Heile 1066 løparar og turgåarar møtte opp for å vere med rundt Ølmedalsvatnet. Eit stort trekkplaster dette året var Oddbjørn Hjelmeseth som vann gull i langrennsstafetten under VM i år. Dette var hans første besøk til Haugalandet og han var gledeleg overraska både over oppmøtet, veret og kor fine fargar det var. Hjelmeseth var ein av favorittane til å vinne, men nådde ikkje heilt til topps. Han slo vinnaren i dameklassen, Susanne Wigene med knappe 10 cm og fann ut at han måtte nok legge seg i hardtrening for å auke spranget til 20 cm neste år.
— Eg skulle gjerne ha sprunge fortare, seier Hjelmeseth, som startar treninga opp mot neste langrennssesong i desse dagar.
Men trass i ein femteplass, var han svært populær blant autografjegerane og såg ut til å storkose seg i Ølmedal.
— Det er ei utruleg fin ramme rundt løpet, seier han og skryt også svært over den hyggelege stemninga med mykje folk rundt løypa som heia dei framover.
Knuste rekorden
For andre gong på rad var det Urige Buta som sprong først over målstreken etter 20 minuttar og 30 sekundar. Og han kunne også hatt god sjanse til å slå løyperekorden til Knut Erik Rame på 19.48, hadde det ikkje vore for at han sprang feil etter ca 4 km.
— Eg sprong feil veg i kanskje eit halvt minutt, fortel Buta, som snudde då folk veiva og ropte for å få han til å snu.
— Neste år håpar eg å prøve å slå rekorden. Eg er klar for det nå, seier han.
Buta kjem frå Etiopia og gjer nå stor suksess for Haugesund IL. Denne våren er han i toppform og han kan fortelje at han allereie har vunne sentrumsløpet i Oslo og sett nye løyperekordar både i Stavanger og på Karmøy.
Andreplassen i herreklassen gjekk til Terje Aggvin frå Gjesdal, han kom til mål 34 sekundar etter Buta. Tredjeplassen gjekk til Daabayaa Gebreyesus, som kom inn på tida 21.16.
På kvinnesida stilte Susanne Wigene i ein klasse for seg sjølv og knuste den tidlegare løyperekorden med heile 1 minutt og 3 sekundar.
— Kjempeflott! Ho set mennene på plass, seier Lars Olav Larsen I Ølmedal rundt.
— Dette må vera eit løp av internasjonal klasse!
Nummer to i dameklassen var Vigdis Bringedal Holst, som kom inn 2.51 etter Wigene. Tredjeplassen kapra 17 år gamle Miriam Hovda,   4.16 etter førsteplassen.
God stemning
Trass i ein litt kald vind, var stemninga god både rundt turløypa og borda. Sola kikka fram både titt og ofte og grillmat og kaker smaka godt etter gåturen.
— Det var kaldt rundt eit stykke, men det kom seg etter kvart. Det var ein fin tur, seier Anita og Karen Gjerde som hadde med seg Anders (15 mnd) og Emelie (4 år) rundt løypa.
Lars Olav Larsen er primus motor for løpet og kunne trygt seinke skuldrene etter enda eit vellykka Ølmedal Rundt var over.
— Det var artig. Eg er veldig fornøgd med oppmøtet til å vera ein litt kjølige dag, det kom jo berre litt over 100 mindre enn rekorden, seier ein glad Larsen.