Betal med tastetrykk

Friluftsrådet Vest håpar innan kort tid heilt å avvikle betalingsautomaten på turen opp til Opheim. […]

Friluftsrådet Vest håpar innan kort tid heilt å avvikle betalingsautomaten på turen opp til Opheim. Nå satsar dei fullt på betaling med sms for dei mange som drar på tur til Olalia eller andre stader i fjellet opp frå Ølen.
Ved hjelp av mobiltelefonen blir det nå høve til å betale for seg når ein kjem opp på parkeringsplassen på Opheim. Odd-Bjørn Saltnes i Friluftsrådet seier at ordninga må få gå seg til, men i utfartshelgene vil det stå vakter å dele ut lappar med anvising korleis ein skal gå fram. Elles blir det også gitt god rettleiing på tavla som er sett opp på parkeringsplassen.
Ideen om å krevje inn avgifta på denne måten fekk dei ved at dei visste at det til dømes går an å kjøpe fiskekort på slik måte.
Om nokon trur at det vil bli lettare å parkere utan å betale for seg, stemmer ikkje det. Det vil bli tatt stikkprøver, ved sida av at det vil bli vaktordning på parkeringsplassen på Opheim framover.