Bles liv i grendeutval

Initiativtakar Frank Abelseth har fått med seg ti sambygdingar, som har ansvaret for å arbeida […]

Initiativtakar Frank Abelseth har fått med seg ti sambygdingar, som har ansvaret for å arbeida vidare med fem ulike satsingsområde.
Kvart satsingsområde har fått merkelappen departement, og dei elleve departementssjefane kjem saman til bygderåd seks gonger i året.
Sandeid grendeutval skal berre vera ein arbeidstittel på det nye
bygderådet. Abelseth håpar at det utkrystalliserer seg eit nytt og spenstigare namn undervegs. Målsettinga er likevel at dei skal erstatta grendeutvalet, som berre har eksistert på papiret den siste tida.

Sentralt
Folkedepartementet står sentralt i initiativet for å løfta fram Sandeid som ei attraktiv merkevare. Karen Lærdal og Kjell Ove Leite har som oppgåve å gjera det attraktivt for folk utanfrå å koma til Sandeid og busetja seg der.
I ungdomsdepartementet er det eit krav at ein må vera tenåring for å bli valt inn. Ole Gunnar Håland og Ragnar Stuhaug er valde til å styra dette departementet. Under skipingsmøtet tok Jan Børretzen til orde for at dette satsingsområdet er så viktig at ein kunne vurdera å utvida det til tre personar, og ta med ei jente. Dette forslaget vil Abelseth og bygderådet hans arbeida vidare med.

Løfter i flokk
Interimsstyret, som har vore i funksjon i nokre månader, har hatt tre møte. Abelseth utfordra dei 33 frammøtte på skipingsmøtet til å koma med innspel, men forsamlinga var stort sett taus fram til avslutninga i møtet.
— Me er nøydde til å løfta i flokk, om me skal få til noko meir enn det ordinære. Me må ikkje laga endå eit styre berre for løye, åtvara Abelseth, som ikkje var viljug til å gå vidare med initiativet med mindre han hadde støtte frå bygdefolket.
Det kom ingen motførestillingar, og Abelseth som leiar og dei ti departementssjefane, blei valde ved akklamasjon.

Det nye Sandeid grendeutval er samansett slik:
Leiar: Frank Robert Abelseth (vald for 1 år)
Kultur- og fritidsdepartementet: Jostein Apeland (2 år), Annegrethe Gravdal (1 år)
Nærings- og læringsdepartementet: Svein Nordskog (2 år), Svalaug Matre (1 år)
Folkedepartementet: Karen Lærdal, Kjell Ove Leite
Skrive- og reknedepartementet: Liv Jorunn Sævareid, Tore Solberg
Ungdomsdepartement: Ole Gunnar Håland, Ragnar Stuhaug

I dei to sistnemnde departementa tok ikkje stiftingsmøtet stilling til kor lang funksjonstid dei nyvalde skal ha, men det er underforstått at ein i kvart departement skal vera på val kvart år.
Grendeutvalet har fått i oppdrag å peika ut tre personar til ein valkomité før neste årsmøte.
— Det er ei god stemning. Me ser at me fyller eit behov, lydde kommentaren frå den nyvalde grendeutvalsleiaren dagen etter stiftingsmøtet.