Etnebuen Arne Frøkedal (53) var journalist i Grannar i to år før han starta ein lang karriere i Haugesunds Avis. Han hadde den første journalistjobben sin i lokalavisa som 24-åring.
— Eg har hatt ein god arbeidsplass og ein spennande jobb i Haugesunds Avis, men etter så mange år har eg valt å ta nye utfordringar. Sjølv om eg ikkje har pendla kvar dag i dei over 20 åra, så er det godt å få ein arbeidsplass nærare der eg bur. Dessutan fekk eg eit godt og interessant tilbod frå Grannar, seier Frøkedal.
Rutinert avismann
Styreleiar Kåre Breivik i Grannar er godt nøgd med å få ein rutinert journalist og avismann som redaktør.
— Det blir godt mottatt i organisasjonen, og han er ein kandidat vi har hatt i kikkerten. Erfaringsbakgrunn og kvalifikasjonar er viktig, men det er også positivt med ein person som bur i distriktet og har brei kjennskap til dekningsområdet, seier Breivik.
Den endelege avgjerda vart tatt på fredag, og Frøkedal går inn i redaktørstillinga ein gong ut på haustparten. Sjølve datoen er ikkje avklara enno.
Frøkedal er godt kjent med det produktet lesarane møter i Grannar. Men noko programerklæring meiner han det er for tidleg å kome med, ikkje minst fordi han ikkje er ferdig hos sin noverande arbeidsgjevar.
— Eg ser på Grannar som ei god og spennande lokalavis med stort potensial til å utvikle seg vidare. Blant anna når det gjeld stoff frå næringslivet, seier han.
Dei ti siste åra har han hatt eit spesielt ansvar for næringslivsdekninga i Haugesunds Avis, pluss Etne kommune. Tidlegare hadde han ansvaret for å dekkje både Etne og Vindafjord.
Frøkedal flytta tilbake til Etne for over 20 år sidan. Han er gift og har fire vaksne barn.