Tidlegare har data og internett gjort kvardagen lettare for biblioteka. No kjem verktøyet lånarane til nytte for alvor, så sant du er online.
Biblioteket i Vindafjord har vore i gang med dette tilbodet ei stund, og no har Ølen hengt seg på eit felles biblioteksystem for dei to kommunane. Det finst 25.000 bøker, lydbøker, filmar og tidsskrift tilgjengelege i denne katalogen i dag.
Lånarane neste
Men katalogen blir endå større når Etne går inn i det nye systemet om kort tid. Avtalen er i boks, og når dei tre kommunane deler system, vil leselystne få oversikt over bøker i alle tre biblioteka i Sandeid, Ølen og Etne. Men samarbeid mellom Etne og nye Vindafjord utanom å ha felles katalog, er ikkje avgjort enno.
Via nettet kan du finne bøker, reservere, bestille eller forlengje lånefristar. Ein kan altså gjere det aller meste via internett, med unnatak av å hente og levere bøker.
— Biblioteka har utvikla seg med fleire store sprang dei siste ti åra. Først automatisering då vi fekk lagt bøkene på data og det var over og ut med dei gamle kartoteka. Så kom internett og nettverket med andre bibliotek. Og no er det lånarane som kan finne bøker og utføre tenester via internett. Det blir eit stort pluss, fortel biblioteksjef Any Tordis Heggebø ved Ølen bibliotek.
Dyre bøker
Etter at databasen tok over på biblioteka, og dei gamle kartoteka vart kasta ut, har lånarane ikkje hatt tilgang til katalog over bøkene på biblioteka. Men no kan lånarane også bruke internett på biblioteket for å leite i biblioteka sin katalog.
— Eg ser fleire fordelar i dette, også økonomisk. I Vindafjord og Ølen treng ein ikkje kjøpe inn eksemplar av dyre bøker til begge biblioteka. Lånarane kan også ta turen til det biblioteket som har boka dei er ute etter, seier Heggebø, som for øvrig blir sjef for biblioteka i nye Vindafjord etter årsskiftet.
Bøker på reise
Planen er også at alle skal kunne få tilgang til si eiga mappe i systemet med oversikt over sine eigne lån ved biblioteket. Men det er framleis lov å vere gamaldags kunde som slenger boka i bibliotekdisken og ferdig med det. Eller får hjelp på biblioteket til å finne bøker.
Bibliotek-Noreg er eitt nettverk av bibliotek som kan dra nytte av kvarandre sine bøker gjennom fjernlån. Det er ei teneste som biblioteka tar seg av. Det nye er at lånarane kan leite i andre katalogar, der Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana er ein sentral aktør for heile landet, og fylkesbiblioteket.
— Det er ein del fjernlån ved biblioteket, og bøkene kjem etter to-tre dagar dersom dei er tilgjengelege. Vi har mellom anna brukt Deichmanske bibliotek i Oslo for å skaffe ein del bøker til framandspråklege. Det er også studentar som bestiller tilleggslitteratur gjennom oss. Pensumlitteratur må dei skaffe sjølve, forklarer Heggebø.
Ho ser ikkje vekk frå at fjernlån kan bli meir vanleg når folk for alvor blir vane med å leite etter bøker på nettet. Biblioteket prøver å oppfylle bokønske uansett.