Bokmålselevar i nynorskland

Nynorsk og sunnhordlandsforfattarar står i fokus når 10C ved Brannfjell skole i Oslo er på […]

Nynorsk og sunnhordlandsforfattarar står i fokus når 10C ved Brannfjell skole i Oslo er på besøk hos 10A og 10B ved Enge skule i Etne.
Som Grannar har skrive tidlegare, bruker Oslo-elevane Grannar i sidemålsundervisninga. I tillegg har norsklærar Elin Hardeland lokka klassen med Etne-tur. Frå onsdag 8.-søndag 12. mars gjorde elevane seg kjende med Etne, og den vesle bygda gjorde inntrykk på hovudstadselevane.
— Det var litt mindre enn det eg trudde. Det er flott natur her. Her seier alle hei til alle. Det verkar som at folk slår av ein prat i kassa på Coop, det hadde aldri skjedd i Oslo, men elles synest eg folk er ganske like, seier Aleksander Nævdal.

— Treng læra det
Saman med Enge-elevane Sondre Sørheim og Anne Børve analyserer Aleksander «Sommaren te Ingjeberr» av Ingvar Moe.
— Me stiller ganske likt om forfattarane. Me kan like lite om dei, seier Sondre.
— Eg forstår diktet, men viss eg skulle skriva det sjølv, ville det blitt ein del feil. Eg er ikkje god i nynorsk, i alle fall ikkje munnleg, men det går greitt, seier Aleksander, som meiner det går framover med nynorsken.
— Ofte trur me at nynorsk er vanskelegare enn det er, og så er det mykje likare bokmål enn me trur, seier Aleksander.
Sondre og Anne synest det er kjekt med Oslo-besøk.
— Det er eit bra tiltak. Det er ikkje mange som våger å reisa til Vestlandet for å læra seg nynorsk, seier Sondre.
— Det er ein genial idé, seier Anne.
— Dei treng det jo. Det er kjipt at me skal læra bokmål når dei ikkje lærer seg nynorsk, seier Marius Karlsen.

Inspirerande
Eivind Brustad Kjærland ved Brannfjell skole synest det er inspirerande å læra nynorsk i nynorskland.
 — Det er morosamt å få dratt til andre stader og læra det på den måten i staden for framfor ei tavle. Det er spennande å komma til ein stad som gir oss inspirasjon til å gjera det bra, seier Eivind.
Og skal ein tru Enge-elev Anita Straumsøy ser prosjektet ut til å bera frukter.
— Eg synest eigentleg han er flink. Han har faktisk retta på meg, seier Anita om Eivind.

Kjekkare med nynorsk
For norsklærar Elin Hardeland ved Brannfjell skole er sidemålsundervisninga snudd opp ned etter at ho lanserte Grannar og Etne som del av undervisninga.
— Før sa dei: «Gud, så kjedeleg. Må me ha nynorsk. Me skjønar ikkje noko av det». Nå seier dei berre at dei gler seg til Etne-tur, fortel Hardeland.
— Eg synest det er veldig spennande, og det trur eg også elevane synest. Det er veldig kjekt å sjå at dei samarbeider så godt på tvers av klassane utan at dei eigentleg kjenner kvarandre, seier norsklærar Grete Berge ved Enge skule.
Og til våren kan kunnskapen om Etne og sunnhordlandsforfattarane komma godt med for elevane. Dette blir nemleg pensum til eksamen.