Boreprotest på Dreganes

I staden for å drive kampen frå eit kontor i Oslo, er både Natur og […]

I staden for å drive kampen frå eit kontor i Oslo, er både Natur og Ungdom og Bellona på plass i Ølen nær riggen som er det handfaste symbolet for at Hydro snart skal i gang i Barentshavet. Det er prøveboring lengre nord enn Snøkvitfeltet.
Tause om aksjonar
Medan Bellona ligg med miljøskipet «Kallinika» ved Heggen-kaien, har Natur og Ungdom slått opp telt på spissen av Dreganes. I første omgang skjer protestane med fredelege middel. I går var dei i full gang med protesten mot utsleppsløyvet Statens forureiningstilsyn gav operatøren Hydro på tysdag.
Leiaren i Natur og Ungdom, Ane Hansdatter Kismul, gir ingen svar på om det vil bli protestaksjonar før «Eirik Raude» forlèt West Contractors og Ølensfjorden.
— Vi får vurdere kva vi gjer framover, og vi blir her så lenge det er tenleg for arbeidet med denne saka. Overser KrF og Venstre miljøprotestane i denne saka, skal dei få ei hard tid framover, seier Ane Kismul.
Natur og Ungdom har i dei seinare åra tatt over aksjonistrolla Bellona hadde tidlegare. Og når det gjeld Barentshavet, samarbeider dei to organisasjonane tett.
Fleire frontar
Bellona og Natur og Ungdom fører ein kamp på to frontar sidan Petroleumstilsynet har sagt at miljøorganisasjonane ikkje er klagepart når det gjeld utsleppsløyvet. Men Kismul trur uansett at utsleppsløyvet vil ende på miljøvernminister Knut Arild Hareide sitt bord.
— Tidlegare miljøvernminister Siri Bjerke (Ap) slo fast at vi hadde reell klagerett, noko anna vil vi ikkje godta. Dessutan er det slått fast juridisk at ein slik operasjon med leiteboring må konsekvensutgreiast etter plan- og bygningslova. Det har ikkje skjedd enno, seier Kismul.
Veit for lite
Ho reagerer på at både regjeringa og stortinget har sagt null utslepp i Barentshavet, for så å oppleve at Hydro og Statoil søkjer om utslepp for både grøne, gule og raude kjemikalie. Og deretter får ja av SFT.
— Selskapa har til med søkt om forskjellige mengder utslepp trass i at dei skal bruke same riggen. Begrepet null utslepp er null verd, seier miljøleiaren.
Dei forstår heller ikkje at det blir gitt klarsignal når både SFT og Havforskingsinstituttet har sagt at dei veit for lite om konsekvensane av slike utslepp i det fiskeririke og sårbare Barentshavet.
Kismul meiner det er for seint å konstatere skadeverknadene i ettertid.
Blir med riggen
Natur og Ungdom hadde ni aksjonistar på plass på Dreganes i går føremiddag. Protestcampen vart etablert to dagar før. Bellona slo seg til i Ølen for over ei veke sidan, og Frederic Hauge i Bellona opplyser at dei vil bli så lenge «Eirik Raude» er ved Westcon.
— Vi har både datautstyr og anna utstyr for å kunne arbeide her. Vi har også blitt godt mottatt av folk vi har snakka med i Ølen, seier Ane Kismul i Natur og Ungdom.
I går var Frederic Hauge på Ølen skule og hadde foredrag for elevar om miljøkampen Bellona driv.