Bussterminalen i Ølen denne gong

Ved den offisielle opninga vart det av ordføraren gjeve lovnad om at dersom dei unge […]

Ved den offisielle opninga vart det av ordføraren gjeve lovnad om at dersom dei unge i Ølen kunne skjerma denne nye og fine tilveksten, skulle kommunen ha 50.000 kroner ståande på bok til ungdomstiltak.
Nå, kort tid etter, må ordføraren truleg trekkja tilbake ein god del av denne lovnaden.
Inne i venterommet såg det ikkje så bra ut – denne omtalte dagen. Søppelet flaut, og vegger, benker og vindauge tilgrisa med skriblerier. På toaletta såg det heller ikkje særleg innbydande ut. «Der rauk pokalen», som det ein gong heitte i eit TV-program med Kirkvåg den eldre. Og slett ikkje uventa for mange.
Og ein kan vera freista til å leggja til at dette er den evige sanninga om slike offentlege stader, som det ser ut til ikkje kan endrast på her i landet generelt.
Kvifor vert det ein svinesti av det på alle offentlege toalett til dømes? Venleik og orden er ein fiende, ser ein så ofte. Men vona må vera at det er annleis i heimane til dei som er skuldige i slik framferd.
Og. Det burde vera slik at dei som gjer slikt – skade på offentleg eigedom og fellesgoder – burde retta opp skadene «i sitt ansikts sved».

Endre Heggen