Festivalbygda kviler ikkje på gamle laurbær. No er dei i gang med eit nytt krafttak med planar om idrettshall. Nils Erik Eide, Anja Våg Skjold og Geir Bakkedal i idrettshallkomiteen meiner det er for tidleg å ha eksakte mål for kor tid idrettshallen lar seg realisere.
— Så snart som mogleg. Men det ville vere fantastisk om hallen kunne stå ferdig i 2010, seier Anja Våg Skjold.
Tida mogen
Planane om idrettshall har lege i dødvatnet i nokre år. Men etter at eit nytt initiativ på vårparten i år, meiner trioen det har skjedd ganske mykje som har gitt hallen framdrift.
Det er fem-seks år sidan ideen vart planta, og i desember 2002 vart det lagt fram eit forprosjekt med teikningar. I samband med at Vikedal Utvikling BA var starta opp i april i år, vart det igjen blåst liv i arbeidet.
— Det er stor vilje bak planane om ein idrettshall i Vikedal. Hallen blir godt mottatt og det er mange lag og organisasjonar som er med på dette, seier Per Bakkedal, leiar for idrettshallkomiteen.
Delar av overskotet i Sommarfestivalen går til idrettshallen, og prosjektkontoen er i underkant av 230.000 kroner.
Bygdehuset motoren
Vikedal bygdehus er motoren i prosjektet og ei ekstraordinær generalforsamling har sagt ja til at bygdehuset skal gå inn med 3,5 millionar kroner. Prisen for den nesten 1.000 kvadratmeter store hallen er førebels stipulert til 12.5 millionar kroner.
— Fordelen er at hallen blir bygd saman med bygdehuset. Dermed har vi både garderobar og kafé frå før, og investeringa blir deretter, forklarer Nils Erik Eide.
Hallen er planlagt parallelt med bygdehuset med felles vestibyle og inngangsparti. For å få dette til må grasbanen flyttast 20 meter søraust mot sandvolleybanane.
— Alle skal føle seg trygge på at grasbanen blir like god som før, seier Anja Skjold.
Press i Ølen
Halleentusiastane vil ha Vindafjord kommune med på laget gjennom at kommunen er byggherre slik at prosjektet får tilbake momsen. Det styrkar prosjektet med 2,5 millionar. I tillegg baserer kalkylen seg på at kommunen går inn med 1,5 millionar kroner og 4,2 millionar i tippemidlar.
— Det er stort press på Ølen idrettshall og det er eit pluss for Vindafjord å få ein ny hall. Skal vi halde oppe folketalet må det finnast gode tilbod for dei som skal bu her, seier Bakkedal.
Hallen er først og fremst tenkt å dekkje behovet for Sandeid, Vikedal og Imsland, der det til saman bur over 2.130 menneske. Anja Skjold påpeikar også at det blir ein stor fordel for Vikedal skule dersom det kjem hall i bygda.
Frukt av dugnad
— Det blir ein god del dugnad, og Vikedal bygdehus går sterkt inn både i drift og investering. Hallen er ei ny frukt av den sterke dugnadsinnsatsen vi har i bygdehuset og festivalane. Det blir eit døme på at vi får noko igjen, seier Nils Erik Eide.
Med samlokalisering av bygdehus og idrettshall opnar det seg for nye typar arrangement, også i saman med festivalane Vikedal er blitt kjent for. I dag er kapasiteten sprengt på bygdehuset for dei større arrangementa Vikedal har i dag.