Bjørn Johannessen i Bjoa bygdeliste var den einaste som tok til motmæle mot å redusere kommunestyret i Vindafjord frå 33 til 25 representantar frå komande haust. Han og listekollega Ingrid Steinsland var dei einaste som stemte mot kuttet i lokalpolitikarar.
Reduksjonen viser også dilemmaet for bygdelistene når færre politikarar blir valt inn. Både Vikebygd bygdeliste og Bjoa bygdeliste kan blir redusert til ein representant.
Rune Hetland i Vikebygd bygdeliste meiner det er å ta for hardt i å konkludere at dette betyr bygdelistene sin død.
— Det blir nok tøffare å få god representasjon. Men det viktigaste er at bygdene er representert. Kanskje kan ein gjere det på andre måtar. Ei ordning med utjamningsmandat hadde vore ein tanke, seier han.
Det er mykje som tyder på at også Vikebygd bygdeliste kan bli lagt ned til liks med Tverrpolitisk i Skjold og Vats. Bjoa bygdeliste vil derimot prøve å få i stand ei ny liste.
Bygdelister i skvis
Bjørn Johannessen i Bjoa bygdeliste var den einaste som tok til motmæle mot å redusere […]