Chris tatt ut til U 23-VM

— Eg har hatt U 23-VM som mål den siste tida, sa Chris Jespersen til […]

— Eg har hatt U 23-VM som mål den siste tida, sa Chris Jespersen til Grannar på søndag. 22-åringen frå Skånevik var på det tidspunktet spent på om han ville bli nominert. Jespersen gav uttrykk for at han trudde det blei plass for han i troppen. For det var berre Martin J. Sundby som hadde sanka fleire poeng i den såkalla ungdomscupen. Eitt døgn seinare fekk han beskjed om å gjere seg klar for den første representasjonsoppgåva på to år. Jespersen og tre andre herreløparar skal forsvare dei norske fargane i det tidligare austblokklandet. Chris er glad han får sjansen. Samtidig hadde Korlevoll-løparen helst sett at det var ein rein skøytedistanse i Slovenia.
— Det er skøytesprint, klassisk og duathlon i VM. Eg har fokus på dei to lengste distansane, sa den tidligare juniorverdsmeisteren. Jespersen tar sjølvkritikk på at resultata blei dårlegare enn forventa dei to første seniorsesongane. Han meiner treningsarbeidet ikkje heldt mål.

For dårleg trent
— Eg trena rett og slett ikkje bra nok. I fjor tok eg meg sjølv i nakken. Forstod at det måtte ei heilt anna innstilling til for å nå måla. Det har heldigvis gitt resultat. I juniorklassen er det fullt mogleg å hevde seg med forholdsvis lite trening. I seniorklassen går ikkje det, seier Chris. Roy Kaldheim har vore ein viktig støttespelar det siste året.
Han tok over treningsansvaret då Chris var ferdig på rekrutteringslandslaget. Kaldheim, som er ein god langdistanseløpar, har vore ein motivasjonsfaktor. Sandeid-mannen har tidlegare hatt ei heldig hand med løparar som Bjørnar Larsen og Thomas Vestbø frå Sandeid. Jespersen håpar å markere seg i dei renna som er igjen. Korlevoll-løparen håpar å få gå verdscup etter OL.
— Det kan by seg sjansar dersom eg presterer dei kommande vekene. Femmila i Holmenkollen er i alle fall eit mål, seier Chris. Men først er det VM i Slovenia.