Delte meiningar om ordførar

Medan Tordis stemte på Reidar Håvås (Ap), gav Nelly stemma si til Arne Bergsvåg (Sp) […]

Medan Tordis stemte på Reidar Håvås (Ap), gav Nelly stemma si til Arne Bergsvåg (Sp) ved ordførarvalet i nye Vindafjord.
— Eg har lese mykje om Bergsvåg. Dei likar han i Ølen så då kan me gjerne lika han, me og. Eg gir han ein sjanse, seier Nelly.
— Eg kjenner ikkje nokon av dei. Det var berre tilfeldig at eg stemte på Håvås, seier Tordis.
— Kva eigenskapar synest de er viktig at den nye ordføraren bør ha?
— Han må vera ein god leiar, seier Tordis.
— Det er viktig at dei eldre får det godt, det har me rett på, seier Nelly.
Begge damene har planar om å stemma ved ordførarvalet neste måndag.
— Så sant eg kjem meg av garde. Og då stemmer eg på Håvås igjen, seier Tordis.
— Eg stemmer på Bergsvåg igjen, seier Nelly.

— Samlande
Sverre Vågen (68) frå Ølensvåg gav stemma si til Bergsvåg.
— Eg synest han har gjort ein brukbar jobb. Han høyrer til distriktet, seier Vågen.
— Det gjer jo begge kandidatane.
— Jo, men eg vil helst ha ein ordførar frå gamle Ølen kommune, seier Vågen.
Ola Alne (55) frå Ølensvåg støtta også Bergsvåg.
— Eg trur han kan verka samlande. Når to kommunar skal gå saman, er det viktig. Eg ser på han som ein god politikar. Difor held eg fram med å støtta Bergsvåg, seier Alne.
— Eg stemte på Bergsvåg. Eg synest han har gjort ein bra jobb. Det er han eg kjenner best, og sidan eg bur i Ølen såg eg og litt på at han er herifrå. Viss eg stemmer neste gong, blir det på Bergsvåg, seier Gurine Fjelland (56) frå Ølen.

Elle, melle
Bjørg Helgevold (49) frå Sandeid vil ikkje sei kven ho stemte på ved ordførarvalet måndag. Fram mot neste valomgang nøler ho litt.
— Eg trur det blir Bergsvåg nå på måndag. Han er betre kjent. Eg trur ikkje det blir Håvås, men eg er ikkje heilt sikker, seier Helgevold.
Arne Sjo (55) frå Bjoa slepp derimot å lura på kven han skal stemma på.
— Eg er med i Ap så då blei det Håvås. Må støtta vår kandidat, seier Sjo.
— Håvås gjer ein god jobb. Denne perioden blir berre to år og er jo ein spesiell periode. Må få det til å fungera i den nye kommunen og få politiske fløyar til å samarbeida. Det er utfordringa, og det trur eg Håvås kan klara godt, seier Sjo.
— Er det viktig for deg at partiet ditt sin kandidat vinn ordførarvalet?
— Klart det er viktig. Eg er jo med i Ap fordi eg vil ha våre folk, seier Sjo.

— Likegyldig
Annette Hebnes (24) frå Vats stod over valet måndag.
— Eg fekk rett og slett ikkje høve til å stemma, seier ho.
— Men kjem du til å stemma ved omvalet?
— Nei, eg trur ikkje det. Det er likegyldig for meg kven som er ordførar. Eg bryr meg helst om kven som styrer landet. Eg har ikkje satt meg inn i politikken og viss eg skal stemma blir det på feil grunnlag, seier tobarnsmora.