Den nye riksvegen

I vårt elektroniske samfunn kan du gjera det meste uavhengig av kvar du bur. Du […]

I vårt elektroniske samfunn kan du gjera det meste uavhengig av kvar du bur. Du kan styra ei bedrift i Kina frå Noreg eller ta høgare utdanning i fjøresteinane på Utsira. Men det har ei klar avgrensing. Du må ha tilgjenge til det elektroniske sambandet. Og det er det ikkje alle som har. Avtalen med Haugaland Kraft er derfor eit stort steg inn i framtida.
Men også denne avtalen har si avgrensing. For at alle skal få tilgjenge til nytt og hurtig elektronisk samband, må det vera rekningssvarande for utbyggjar. Det kan derfor ta ei tid før dei som bur i utkantane av kommunane får glede av det nye nettet. For at det skal vera lønsamt må utbyggjaren ha eit minimum av abonnentar.

Anne Lise Norheim tok firmaet med seg då ho for nokre år sidan flytta frå Geilo og tok over heimegarden på Norheim i Etne. Mangelen på breiband er ein klar bremsekloss i hennar arbeid, der tett dialog med kundane er ein viktig føresetnad. Hennar kundar forventar svar straks, noko som er vanskeleg å få til utan breiband.
Med Telenor sine utbyggingsplanar er det langt fram før folk i Stordalen, der Norheim soknar til, kan knyta seg til nettet.

For at distrikts-Noreg ikkje skal tapa denne kampen mot sentralisering òg, er det uhyre viktig å få fart på utbygginga av det elektroniske sambandet. Det er i dag like nødvendig for utvikling og vekst som riksvegane er for biltrafikken. Her har politikarane, både lokalt og sentralt, ei stor utfordring. Investeringar i breiband er ei investering for framtida. Amund Enge må få fleire bjøllesauer med seg i dette kappløpet.