Det står om minuttar etter kollisjonen

Bilar blir kvesta i bakken med eit loddrett fall på 28 meter ved samfunnshuset i […]

Bilar blir kvesta i bakken med eit loddrett fall på 28 meter ved samfunnshuset i Ølen. Det tilsvarar ein fart på 70 kilometer i timen. Bilane blir trykte saman som trekkspel. Glas knuser, hardt metall må gi etter for trykket.
Dette burde alle ferske sjåførar sett på, kommenterer ein tilskodar.
Minuttane tel
— Det er heldigvis ikkje så ofte bilulukker er så bombastiske som dette, men det skjer. Ofte blir bilane slengde vidare med fleire stopp. Det hender også at bilførarar kan krype uskadde ut frå dramatiske ulukker. Men det går ofte heilt motsett, seier assisterande regionsjef Janne Lisbeth Støylen Brådholm i Stiftelsen Norsk Luftambulanse region vest.
Statistikken gir det beste svaret på konsekvensane av ulukker i trafikken: Rundt 300 trafikantar døyr og 11.000 blir skadde i trafikken kvart år. Av dei omkomne døyr rundt 50 prosent innan ein time etter ulukka.
Det er difor Norsk Luftambulanse er i Ølen for å kurse hjelpemannskap til å få sjåførar og passasjerar raskast mogleg ut av ulukkesbilar.
Samantrykt bil
— Til raskare pasientar kjem fram til behandling og kirurgisk kompetanse, til større er sjansen for å overleve med minst mogleg varige skadar. Å få vekk trykket på pasienten er svært viktig for utfallet. Målet er at hjelpemannskapet skal bruke maksimalt ti minuttar på å frigjere fastklemde i ein bil. Med nye metodar kan ein meir enn halvere tida det tar å få laus personen, seier Janne Lisbeth Støylen Brådholm.
I verste fall kan det ta timar dersom ein bilførar berre skal skjerast laus. Ved å strekke bilen ut først ved å dra ut i begge endar som eit trekkspel, går det som oftast langt enklare og raskare å få laus skadde i bilane.
Har utstyret
— Vi har utstyret som skal til og nokre av oss har prøvt metoden både i øving og i verkelege ulukker. Fleire må få opplæring og vi treng å bli drilla meir på metoden og samhandlinga, seier Oddvar Krakk, varabrannsjef i Ølen kommune.
— Når ein er ute på ulukker er det lett at ein tar snarvegar. Gjennom dette kurset får ein også retta merksemda mot tryggleik for mannskapet. Innan brann ser ein til dømes at alt for mange får røykskadar rundt om. Heldigvis har vi ikkje hatt uhell verken for mannskapet i brann eller ulukker, seier han.
I alt 28 frå brannkorpsa i Sandeid, Ølen og Skjold, ambulansepersonell og politi har deltatt på kurset. Det var ikkje plass til alle som søkte om å få vere med.
Over tusen oppdrag
Oddvar Krakk og instruktør Roald Sunde frå Bergen har sju bilar dei skal kollidere mot bakken frå ei svær heisekran. Dei skal brukast i den praktiske delen av kurset.
— Vi er glade for at kommunen sa ja til dette kurset. Luftambulansen får økonomisk støtte frå mange, og slike kurs er døme på at pengane kjem folk til gode, seier Janne Lisbeth Støylen Brådholm i Luftambulansen.
— Tilbakemeldingane er at denne metoden for å frigjere personar blir brukt over heile landet, og det er lenger mellom kva gong vi høyrer om at folk sit fastklemde i lang tid, seier ho.
Luftambulansen i Stavanger deltar i over 1.200 utrykkingar med bil eller helikopter i året. Rundt 60 prosent er akutt sjukdom og resterande 40 prosent er ulukker.