Draumerolle som Snehvit

Seksten år gamle Asseline Benjaminson Grindheim har gjennom heile livet hatt teater og skodespel som […]

Seksten år gamle Asseline Benjaminson Grindheim har gjennom heile livet hatt teater og skodespel som sin store lidenskap. Ho har vore med på fleire framsyningar på Rogaland Teater. Eplet fell ikkje langt frå stamma. Mamma Margrethe var aktiv og sprudlande i teatergruppa i Etne i ungdommen, før ho busette seg i Stavanger.
Då Rogaland Teater fylte 50 år i 1997 var Asseline berre åtte år gamal, men ho hadde ei stor rolle som «Nøtteliten» i jubileumskavalkaden som vart sett opp. Ho har også hatt ei mindre rolle i «Brødrene Løvehjerte», men ingen roller har vore som denne store hovudrolla ho fekk som «Snehvit».
— Vi hadde arbeidsgrupper og gjekk gjennom fleire øvingar før det skulle avgjerast kven som fekk kva rolle. Men etter at vi var ferdige, ringte dei meg og ville ha meg til å spele «Snehvit», seier ho og gir uttrykk for at ho er veldig glad for rolla ho fekk. Det er heile 56 skodespelarar frå barneteateret med i stykket, som er delt opp i to lag som har kvar sin framsyning av eventyret. Stykket som blir omtala som eit av verdas vakraste eventyr, er også Grindheim samd i.
— Det er eit søtt stykkje med mykje song, noko som passar meg perfekt, seier ho og fortel at også song er ein av hennar lidenskapar. I tolv veker har dei øvd på stykket, og mot slutten har det vore intensiv øving.
— Rett etter skulen måtte eg på øving, og kom ikkje heim før seint på kvelden, så det har tatt litt på. Eg går på allmennlina på Kongsgård vidaregåande skule, og har eit ynskje om å bli veterinær, men utelukkar ikkje teaterhøgskule. Det går fint på skulen og med karakterane, sjølv om det tek mykje tid med teatret, seier ho med eit smil på spørsmål om dei mange øvingane går utover skulen.
Hektisk vinter og vår
Heilt fram til mars neste år blir eventyret vist på Rogaland Teater, med ein pause på ein månad og nokre veker, sidan dei to laga visar kvar sin framsyning på kvar sine veker.
— Det blir mange framsyningar, men eg elskar å stå på scena, så det gjer meg ingenting. Vennene får eg heller bli med i helgene i tilfelle, seier ho som også ofte reiser til Etne der ho har familie og mange venner. I teatergruppa har ho også mange venner blant dei ho speler i lag med, og synes det er kjekt å ha med seg bestevenninna som spelar rolla som Stemor i stykket.
Asseline B. Grindheim har også blitt eit godt kjent ansikt over landet med hovudrolla i «Snehvit». Det er nettopp ho som er «Snehvit» på plakaten som promoterer oppsetjinga landet rundt, og plakaten har vore på trykk i blant anna VG og Stavanger Aftenblad.
— Det er kjempekult å sjå seg sjølv på plakaten som blir vist overalt, men eg trur ikkje det er så mange som kjenner meg igjen når eg har svart hår på plakaten.