Eigedomsskatt til alle

— Eg var veldig sjokkert då eg las dette. Nå går me heilt feil veg. […]

— Eg var veldig sjokkert då eg las dette. Nå går me heilt feil veg. Eg trudde når me gjekk inn i Vindafjord var sjansen der til å få avvikla eigedomsskatten i Ølen, seier Hatteland, som har engasjert seg i denne saka i fleire år.
— Dette er ein sosialt urettferdig skatt, som slår heit gale ut. Me må klara å drifta kommunen med den skatten som er her i landet, ikkje skriva ut ekstra skatt, held leiaren i Vindafjord Høyre fram.
Avgiftskåte politikarar
Hatteland stiller også spørsmålsteikn ved om Vindafjord kommune har lovheimel til å vedta sju promille frå første dag, utan opptrapping, når den største av dei to tidlegare kommunane ikkje hadde ein slik skatt.
— Nå må dei som er valde inn i formannskapet og i kommunestyret skjøna at dei skal representera folket. Eg vil få knallsterkt fram at Høgre er heilt imot dette. Tenk om Vindafjord skal vera den første kommunen til å innføra noko som ikkje er vedteke ennå. Snakk om avgiftskåte politikarar, ivrar Hatteland.
Kleiven seier nei
Politikaren som fekk suverent flest personstemmer ved kommunevalet i fjor, Terje Kleiven (Tverrpolitisk), vil også stemma imot innføring av eigedomsskatt på bustadhus i formannskapet.
— Me gjekk til val på at me er imot eigedomsskatt på hus. Me kan akseptera skatt på verker og bruk. Eg kjem til å følgja det me har programfesta og gått til val på. Difor vil eg stemma imot innstillinga, fastslår Kleiven.
Terje Halleland (Frp) vil heller ikkje ha eigedomsskatt.
— Det er heilt uaktuelt for oss å gå inn for dette. I budsjettforslaget me la fram i fjor, gjekk me inn for å avvikla den eksisterande eigedomsskatten over tid, seier Halleland.
— Held folk for narr
Reidar Håvås (Ap) poengterer at gruppa hans ikkje har behandla saka, men han personleg meiner det er eit brot på føresetnadene føre folkeavstemningane om kommunesamanslåing.
— Dette var ikkje folk førespegla. Det er å halda folk for narr, synest Håvås, som medgir at han sjølv har tungt for å svelgja eigedomsskatt.
— Mange oppfattar det som eit overgrep at dei som har bygd seg eit hus skal betala skatt, medan dei som leiger skal sleppa. Dessutan trur eg at staten stikk av med gevinsten, ved å redusera overføringane, seier Håvås.
Dersom Håvås og partikollega Marit Aga Hustveit set foten ned, er det fleirtal i formannskapet mot eigedomsskatt.
Haugland positiv
Oddvar Haugland (KrF) er den av gruppeleiarane som stiller seg mest positiv til å innføra eigedomsskatt i heile kommunen.
— Me kan vanskeleg koma vekk frå eigedomsskatt. Eg ser helst at me får eigedomsskatt i heile kommunen. Men me må få ei rettferdig ordning, seier den tidlegare Vindafjord-ordføraren.
Haugland ønskjer ein modell der utkantar som ikkje har kommunale tenester i same grad som tettstadene, bør skattleggjast mildare.
Bergsvåg vil venta
Ordførar Arne Bergsvåg (Sp) synest denne saka er så stor, at politikarane bør ta seg tid til å rekognosera, og få innspel frå folket.
— Me må prøva å involvera den menige mann meir enn berre å klubba det gjennom. Eg kunne tenkt meg at me på ein eller annan måte får lagt det ut til høyring, seier mannen med ordførarklubba.
Bergsvåg er tilfreds med dei varsla regelendringane, som opnar for å krevja eigedomsskatt i heile kommunen.
— Dagens ordning ser eg på som heilt uaktuell. Me skal ha eigedomsskatt på alt eller ingenting. Me må stella oss slik at det ikkje blir tusenvis av kroner i året i skatt på eit bustadhus. Det er urimeleg, og det er heilt uaktuelt at me legg oss på eit slikt nivå, legg Bergsvåg til.