Det som er sikkert er at eigedomsskatt vil vera ei stor og kjærkommen inntekt i ei forholdsvis tom kommunekasse. Samstundes er det liten tvil om at det ikkje er populært blant det store fleirtalet av innbyggjarane å få det som opplevst som ei ekstrautgift tredd nedover hovudet.
Av den grunn er dette ei sak som burde vore framme før eit val, og ikkje i slutten av ein periode. Då ville veljarane visst både om partia var for eller imot, og ikkje minst kva dei ville brukt skatten til. For det er bruk av pengar denne saka handlar om.
Vindafjord treng meir pengar for å kunne gje eit like godt eller betre tilbod til innbyggjarane. Samanslåinga av Ølen og Vindafjord har enno ikkje gjeve dei innsparingane ein trudde på førehand. Det bør ikkje overraske nokon fordi innsparingane først vil bli synlege på sikt, dersom ein då ikkje vil fjerna målsetjinga om at ingen skal seiast opp i den samanslåtte kommunen.
Å venta på innsparingane er ei løysing, men det er no utfordringa er her. Det er no pengane skal strekkja til, og det er politikarane som må få det til. Fleire vil peika på at rådmannen ikkje har gjort ein god jobb med å finna alternativ. Det er ei fallitterklæring. No har lokalpolitikarane sjansen til å visa at det faktisk er dei som styrer Vindafjord, og ikkje rådmannen.
Det er heilt klart at rådmannen legg sterke føringar på økonomien når han legg fram budsjettet. Politikarane kan likevel ikkje leggja seg på rygg å seia at det er rådmannen som skal komma med løysingane dersom dei ikkje er slik politikarane vil ha dei. Han har jo alt vist til at eigedomsskatt er svaret.
Dersom ikkje politikarane vil følgja rådmannen, er det dei som må finna dei gode løysingane. Dette er utfordringa alle partia må ta innover seg, og det er ikkje sikkert alt er like populært. Men no nyttar det ikkje å tenkja på eigne posisjonar og at det er val neste haust. No må dei folkevalde tenkja på kva som er best for Vindafjord.