Ein freda plett i distriktet

Ølen lensmannskontor oppklarte nær 60 prosent av alle brotsverka, Vindafjord vel 40 prosent og Etne […]

Ølen lensmannskontor oppklarte nær 60 prosent av alle brotsverka, Vindafjord vel 40 prosent og Etne vel 35 prosent. Arild Austerheim ved Ølen lensmannskontor er glad for den høge oppklaringsprosenten, men meiner forklaringa kan vera er at små kontor som oftast har relativt få saker som slår sterkt ut på statistikken.

Men alt er likevel ikkje rosenraudt. Tretti prosent av brotsverka ved Ølen lensmannskontor var narkotikasaker. Det vil seia 37 narkosaker. Vindafjord hadde 17 narkosaker og Etne 14. Ved alle kontora var det ein auke frå året før. Austerheim opplyser at dei fleste narkosakene dreier seg om hasj, amfetamin og tablettar, ingen er tatt med heroin. Han fortel at ein del av sakene kan karakteriserast som festbruk og sporadiske brukarar.
Ingvar Gjærde, den nye sjefen for lensmannsdistriktet vårt, ser eit klart behov for å auka innsatsen når det gjeld å avsløra narkotika i distriktet. Han seier politiet vil auka presset på dette området. Samstundes minner han om at narkotika er eit samfunnsproblem der det er viktig med samarbeid mellom fleire aktørar, skule og foreldre er viktige samarbeidspartnarar.

Når det gjeld narkotika, er det som Gjærde seier eit samfunnsproblem. Narkotika er ikkje berre ei sak for politiet. Me har alle eit ansvar for at ikkje narkotika skal få eit grunnfeste med såkalla narkotikamiljø også hos oss. Det som er så skremmande med narkotika er at det er unge heilt ned i skulealder som blir rekrutterte.
Me kan vera glade for at me har eit lokalt politi som kjenner distriktet og ungdomsmiljøa. Med sitt nære kjennskap til det som rører seg på bygdene, kan dei slå ned på saker før dei får utvikla seg i alvorlegare retning. På politivakta i Haugesund omtalar dei våre bygder som ein freda plett i distriktet. Me trur me kan takka våre lokale polititenestemenn for den karakteristikken.