Elevar sprengte brusautomat

Myntar og knuste flasker låg strødd ut over, og det kom litt skadar på bygningen. […]

Myntar og knuste flasker låg strødd ut over, og det kom litt skadar på bygningen. Sprenginga skal ha skjedd rundt klokka 05.00 om natta, og eksplosjonen vart meldt til politiet om morgonen.
— Skadane kjem på rundt 30 000 kroner. To elevar på 17 og 18 år sprengte automaten med eit heimelaga sprengstoff. Eksplosjonen var så kraftig at automaten vart sprengt i bitar. Ei lukke at ingen stod i nærleiken, seier Roger Løken, politibetjent ved Vindafjord lensmannskontor.
Elevane har forklart at sprenginga var meint som ei markering av skuleslutt. Politiet meiner saka er oppklart, og saka vert sendt vidare til påtaleansvarleg i Haugesund.