Endeleg nytt venterom

Etne har ikkje hatt eit skikkeleg venterom på omlag ti år, og opninga var difor […]

Etne har ikkje hatt eit skikkeleg venterom på omlag ti år, og opninga var difor etterlengta.
— Eg har sakna det i mange år. Folk har stått ute i uvêr. Det er eit bra gode både for bygda og reisande. Me får berre håpa det får stå i fred, seier Ingfrid Mæland.
Saman med Thomas Westerlund (15 månader) var ho innom og såg på venterommet, og fekk seg ein kakebite.
Inger Vinje venta på bussen til Skånevik, og jamvel om vêret var fint fredag, sette ho pris på å ha høvet til å sitja innandørs.
— Eg har stått mykje her og frose. Dette var veldig kjekt, seier Vinje.

Knutepunkt
Venterommet er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Statens vegvesen, HSD og Etne kommune.
— Me hadde litt problem med å få hol på det hos fylket, men då det endeleg blei bestemt, gjekk det raskt, seier ordførar Amund Enge, på spørsmål om kvifor det har tatt så lang tid.
— Det er eit topp rom. Det var på høg tid at det kom, seier bussjåfør Sandov Lauareid, og får støtte av kollega Sigve Fitje.
— Det er heilt supert, seier Fitje, medan han nyt marsipankaka.
Med dei nye bussrutene som kom ved nyttår er Etne blitt eit knutepunkt. Dermed er også behovet for eit skikkeleg venterom blitt større.
— Etne er blitt eit knutepunkt på grunn av dei to ulike selskapa som kjører (HSD og Kolombus). Alle bussar kjem hit, og både dei vestfrå og austfrå stoppar her, seier Fitje.

Stengt om natta
Den siste månaden har kommunen sine folk pussa opp venterommet, som også har eit handikap-toalett.
— Me er litt kry av rommet. Det er godt at folk får komma inn i varmen og slepp og stå ute og frysa, seier Kim Mortensen, einingsleiar drift og vedlikehald i Etne kommune.
Venterommet i Ølen fekk berre stå i fred i to år. Nå er det stengt på grunn av hærverk, men ordførar Amund Enge fryktar ikkje at det same skal skje i Etne.
— Me har ikkje vore så uheldige med hærverk her. Ungdommen har vore flinke til å passa på tinga, seier Enge.
Han trur også den sentrale plasseringa rett ovanfor Shell-stasjonen reduserer risikoen for hærverk.
Venterommet kjem til å vera ope mellom kl. 07 og 22, og blir låst om natta.