Enorm støtte for Lydloftet

— Me her heilt mållause over den enorme støtta, seier Kjetil Ulland og Stig Morten […]

— Me her heilt mållause over den enorme støtta, seier Kjetil Ulland og Stig Morten Sørheim frå Lydloftet.
Bussen som var sett opp frå Etne i samband med konserten var nesten full, og saman med alle dei som hadde køyrd sjølve både frå Etne og Vindafjord, kan ein vel fastslå at det sjeldan har vore samla så mange folk «innante» i same konsertlokale i Haugesund.

Suksess
Saman med alle dei andre som ville støtte Lydloftet og høyre god musikk, vart konserten på Byscenen ein suksess heilt frå mannen bak sjølve idèen om støttekonsert, Jan I. Toft, drog i gang konserten. Men det var ikkje berre publikum og artistane som ville vise si støtte til Lydloftet. Også næringslivet ville gi sitt bidrag til platestudioet, og Haugesunds Avis, Sparebank1 SR-bank og Coop Haugaland hadde gått saman og overrekte ein sjekk på kr 75 000 kroner til oppbygging av Lydloftet.
— Det lokale næringslivet har sett verdien og nytten av å ha eit platestudio med så stor kompetanse i lokalmiljøet, og vi ønskjer å bidra slik at me framleis kan ha eit slikt tilbod i distriktet vårt, sa ansvarleg redaktør i Haugsunds Avis, Tonny Nundal, som overrekte gåvesjekken til Kjetil Ulland.

Ting fell på plass
Som Grannar skreiv i torsdagsutgåva har Lydloftet fått lokala i gamle Enge skule til disposisjon så lenge dei måtte ønskje. Ordførar Amund Enge var til stades under støttekonserten på Byscenen, og med Kjetil Ulland, Stig Morten Sørheim, Nils Halleland, Knut Bjarne Bjørkhaug og Reinhardt Thoresen frå Lydloftet på scenen, overleverte han nøklane til gamleskulen med beskjed om at dei kan gjere det dei vil med huset. Med nye lokale på plass, billettinntekter på om lag 125 000 kroner og gåvesjekk på 75 000 kroner byrjar ting å ordne seg for Lydloftet igjen etter brannen.
— Eg klarer ikkje å setje ord på den overveldande støtta me får frå alle hald, det heile vert heilt uverkeleg. seier Kjetil Ulland

Høg kompetanse
Alle artistane som stilte gratis på Aksjon Lydloftet, har ei tilknyting til Lydloftet, og sjølv om artistane også har eiga interesse av å få bygd opp att platestudioet, er det ingen tvil om at den kompetansen som Ulland og Sørheim sit med, vert høgt verdsett i musikkmiljøet på Haugalandet. Øyvind Staveland frå Vamp kan ikkje få uttrykt nok kor mykje dette platestudioet betyr for både Vamp og dei andre lokale gruppene og artistane som har brukt Lydloftet som platestudio.
— Eg håpar verkeleg at denne konserten kan gi Stig Morten og Kjetil og resten av gjengen ein ny giv og motivasjon til å stå på vidare, seier Staveland.
— Me treng engasjementet og kompetansen som dei kan skilte med, held han fram.
— Det var heilt naturleg for Vamp å stille på denne konserten, og det var utruleg kjekt at det var så mange frammøtte og at det var så god stemning i salen, avsluttar Staveland.

Høg stemning
Ein konsert som Aksjon Lydloftet har publikum med forskjellige interesserer. Mens motivet til mange av dei godt vaksne som hadde tatt turen frå Etne var å vise si støtte til Lydloftet og høyre Vamp og Matti Røssland, var det kanskje Haugsund Popensemble, Coy og andre yngre artistar som trekte ein del yngre haugesundarar på konserten. Uansett kva grunn ein hadde til å komme på konserten, fekk alle igjen for pengane, og at Vamp truleg var det største trekkplasteret viste seg fort då bandet kom på scena. Stemninga steig publikum i alle aldrar kosa seg i salen.
Tre av dei var Anita Simlenes frå Sandeid, Kjersti Furseth Dale, oppvaksen i Sandeid. men nå busett i Haugesund, og Lene Lofstad, som kom heilt frå Tønsberg for å få med seg Vamp.
— Vamp er heilt fantastiske, eg måtte berre ha dei med meg, seier Lofstad.
Andre som storkosa seg på Byscenen var dei tilsette frå Baronen Pub i Ølen. Dei tok likså godt eit forsinka julebord på onsdag og avslutta med konsert.
— Dette er kjempekjekt, viktig å støtte opp om Lydloftet, og ein knallbra konsert, var gjenklangen frå dei feststemte rundt bordet.

Liv Jorunn Frønsdal