Fotball G19, 3. div. avd. 3
Etne grusbane, onsdag 5. oktober
Etne-Solid 1-1 (0-0)
1-0 Bjarte Bokn Haaland (64. min.)
1-1 Aleksander Alsaker (80. min.)
Tre gule kort
Dommar: Sjur Eide, Ølen
Om lag 25 tilskodarar
Unggutane frå Etne spelte brukbar fotball i tussmørkret denne kalde oktoberkvelden, og dei hadde mange feite sjansar som dei kunne ha omsett i mål.
Den giftigaste duoen i Etne-angrepet var venstrevingen Bent Eilerås og midtspissen Espen Grumheden. I fleire situasjonar var det Eilerås som serverte ballen for Grumheden, som ikkje fekk det heilt til å klaffa i avslutninga. Spesielt i første omgang var desse to frampå mange gonger, men det stod 0-0 ved pause.
Nærast teljande resultat var likevel Stian Åsheim. Langskotet hans duppa ned bak ein utspelt Solid-keeper og small i tverrliggjaren.
Eit drygt kvarter ut i andre omgangen kom målet som kunne ha sikra Etne-opprykket, om dei hadde greidd å halda tett bakover til fløyta gjekk. Det var ein småskadd Bjarte Bokn Haaland som sette ein retur frå keeper kontant i nettmaskene.
Etter målet, kunne det verka som at heimelaget var tilfreds, og dei sleppte gjestene meir fram på banen. Det straffa seg, for Aleksander Alsaker dundra inn utlikninga ti minutt før slutt. Solid hadde også fleire sjansar. Ved eitt høve fall Etne-keeperen bakover på målstreken med ballen, og fleire Solid-spelarar meinte ballen var over streken.
Høgast temperatur skapte målscorar Alsaker og Etne-spelaren Eirik Øverland. Dei gav seg like godt til å slåst. Dommar Sjur Eide måtte dra kamphanane frå einannan, og premierte dei med kvart sitt gule kort.
Kampen ebba ut med 1-1, og dermed såg det ut til at Etne kunne trenga eitt poeng i bortekampen mot Trott onsdag for å sikra opprykket. Elles kunne GrannKam gå forbi.
Torsdag kveld kom meldinga om at GrannKam hadde tapt 5-3 for Kolnes. Dermed slepp Etne-juniorane å venta til etter Trott-kampen med å feira opprykket.