Europe er tilbake

Programmet til bluesfestivalen i Skånevik blir stadig utvida med nye namn frå musikkens førstedivisjon. Europe […]

Programmet til bluesfestivalen i Skånevik blir stadig utvida med nye namn frå musikkens førstedivisjon. Europe selde millionar av plater og hadde ein megahit som overlever i musikkhistoria ei god stund enno. Målt i millionar var Europe solid svensk eksportvare i kombinasjonen mellom frontfiguren Joey Tempest sine melodiar og John Norums grep om gitaren. Bandet skal spele fredagen på bluesfestivalen i Skånevik.
Gedigen hit
Det store internasjonale gjennombrotet kom i 1986 med plata «The Final Countdown». Tittelsporet var også ein gedigen hit og plata selde i åtte millionar eksemplar. Melodisk hardrock er ein av merkelappane gruppa fekk.
I 1991 gjekk gruppa kvar til sitt, men etter solokarrierar og samarbeid med andre musikarar, kom gruppa saman igjen vel ti år seinare for å turnere. I fjor gav Europe ut albumet «Start from det dark» og samleplata «Rock The Nigt».
Når White Stripes vart for usikre, var det Europe som stod for tur på lista til festivalsjef Alf Warloe Christophersen.
Ny sveis
— Folk er i hundre over at Europe skal kome til festivalen. Det blir eit skikkeleg show med musikken dei spelte på 80-talet, pluss at dei har gitt ut cd seinare også, seier Christophersen.
Sjølv om det blir mykje 80-tals, kjem Joey Tempest og resten av bandet neppe til Skånevik med hockeysveis og permanent i håret slik mange hugsar dei.
Festivalsjef Christophersen opplyser at han arbeider enno med nye namn til bluesfestivalen. Europe er det 19. bandet som er booka inn. Festivalsjefen håper å få ei souldiva frå USA på lista, men han avslører ikkje kven han jaktar etter.