Fann narkotiske tablettar hos 20-åring

Tablettane inneheld høgst truleg eit stoff som står på legemiddelverket si liste over narkotiske stoff. […]

Tablettane inneheld høgst truleg eit stoff som står på legemiddelverket si liste over narkotiske stoff. Dei kom med ei postsending med adressat i Vindafjord. Sendinga blei stansa av tollvesenet, før saka blei overført til lensmannen i Vindafjord. Adressaten er ein mann i 20-åra med opphaldsadresse i Vindafjord.

Avdekka bruk
— Han blei pågripen og ransaka tysdag, utan at me fann meir narkotika, opplyser Niljann Hustoft, politiførstebetjent i Vindafjord.
Den pågripne gav derimot positiv urinprøve, som viste at han hadde brukt amfetamin og hasj. Det er tatt ut sikting mot mannen for forsøk på kjøp av narkotika, og saka er overført til Rogaland politidistrikt. Mannen i 20-åra er frå før ikkje straffedømt i narkotikasaker. Men det er tidlegare lagt beslag på større kvantum narkotiske stoff som har vore adressert til same mannen, og det har samla seg opp saker mot han i Rogaland politidistrikt.
Hustoft legg ikkje skjul på at det er eit aukande tal på narkotikasaker i distriktet.