Favorittane vann Fanta Open

Spelarar frå heile Noreg kom til Vikedal for å testa sanden då Vikedal IL arrangerte […]

Spelarar frå heile Noreg kom til Vikedal for å testa sanden då Vikedal IL arrangerte den årlege rankingturneringa Fanta Open i helga. Det var deltakarrekord på damesida og heilt fullt i herreklassen. Det blei difor arrangert kvalifiseringskampar allereie fredags ettermiddag der tre herrelag vart slått ut. Laurdag var det puljespel, medan kvartfinalar, semifinalar og finalar blei spelte sundag.
Favorittar i herreklassen var worldtourspelar Tarjei Skarlund, som hadde med seg makker Ronny Berntsen, men også ein del lokale spelarar hadde von om å gjere det bra. Sandsgutane Bjarte Helland og Ole Martin Helland viste gode takter, men blei diverre slegne ut i ein særs jamn kvartfinale sundag.
Blant damene var det Kristine Wiig og Cecilie Josesfsen som var klare favorittar, men også Eydis Dalen frå Ølensvåg og Torill Øyan spelte godt.
Nytt anlegg
Med støtte frå lokale bedrifter har Vikedal IL har investert 160.000 kroner i sandvolleyanlegget i år og hadde difor betre forhold å tilby spelarane enn nokon gong. Sanden kom direkte frå Stavanger World Tour og det var sett opp nytt skur og gjort ein del entreprenørarbeid for å få best mogeleg underlag.
— Alt blei klart sist tysdag, så det var kjekt at vi blei ferdige til turneringa, seier leiar i Vikedal IL, Anja Skjold. Ho understrekar likevel at anlegget ikkje berre blei oppgradert med tanke på turneringa.
— Det er utruleg god rekruttering her i Vikedal, og mange unge lovande volleyballspelarar. Anlegget er i bruk nesten heile tida og både skule og 4H nyttar det fritt.
Arrangementsansvarleg Andreas Andreassen fortel at ein kjem til å søkja om å få arrangera Fanta Open turnering på nivå 1 til neste år. Årets turnering var nivå 2, noko som går på rankingpoeng til vinnarane.
— Vi har godt nok nivå til å arrangera Fanta Open 1 no og kjem til å søkje på det til neste år. Vi har også planar om å hiva oss på Junior NM. Vi har fått eit bra anlegg her i Vikedal no, og vil nytta det på beste måte.