Flott tur

Seks personar starta i strålande sol og varmt vêr. To damer frå Skånevik møtte på […]

Seks personar starta i strålande sol og varmt vêr. To damer frå Skånevik møtte på toppen. Nils Ramsvik forsvann til topps litt i framkant, så då me andre nådde toppen vart me møtte med iskald drikke. På grillen låg det pølser med tilhøyr tilt alle. Ingen plass det smakar så godt som på ein fjelltopp. Ei lit0a utlodding hadde han òg fått til, og underteikna var så heldig å vinna ein fin turkopp. God tid til drøs og kaffi for så å nyta utsikten. På veg ned, ein tur innom Digrakvedno. Ei sann fornøying i nydeleg vêr og natur. Igjen takk for ein fin tur frå ein glad turgåar.

Hansine Ljusnes